Jamstilte målformer

Av
DEL

LeserbrevNoregs Mållag ser med glede at truleg for første gong har landet fått ei regjeringserklæring som også ligg føre på nynorsk. På nettsida til regjeringa er det lagt ut ein nynorsk versjon av Granavoll-plattforma saman med versjonen på bokmål, noko som gir folk eit reelt val når det gjeld kva skriftspråk dei vil lese dei politiske målsettingane på. Dette er eit teikn på at dei fire partia tar ordlyden i plattformteksta på alvor, nemleg at «Regjeringa vil sikre gode bruks-og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to jamstilte målformene i norsk.»

At eit sentralt politisk dokument ligg føre på begge dei offisielle skriftspråka i landet, burde eigentleg vere sjølvsagt, men som alle veit, er bokmålet svært ofte einerådande i slike tekstar. Det gjeld altså ikkje Granavoll-plattforma, og denne detaljen gir grunn til å håpe på at omsynet til nynorskbrukarane og språkleg jamstilling også vil vere høgt oppe på agendaen når regjeringa i nær framtid skal legge dei økonomiske prioriteringane for 2020.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags