Ølen Båtlag: Inviterer fleire aktørar med på laget

Informasjonsmøte: Den 27. desember inviterte Ølen Båtlag til møte med det lokale næringslivet, for å informera om planane om kjøp av Revehallstomta. F.v. Arne Matre, Kjell Gjendem, Noralf Matre, Bjørn-Inge Heggebø, Johannes Berge, Tore Haaland og Magnar Nøkland. På møtet var også Ragnar Byre, Geir Berge, Audun Stople, Steinar Timenes og Bjørn-Einar Haugland. Foto: Privat

Informasjonsmøte: Den 27. desember inviterte Ølen Båtlag til møte med det lokale næringslivet, for å informera om planane om kjøp av Revehallstomta. F.v. Arne Matre, Kjell Gjendem, Noralf Matre, Bjørn-Inge Heggebø, Johannes Berge, Tore Haaland og Magnar Nøkland. På møtet var også Ragnar Byre, Geir Berge, Audun Stople, Steinar Timenes og Bjørn-Einar Haugland. Foto: Privat

Av
DEL

LeserbrevBåtlaget får støtte til planane om kjøp av Revehallstomta frå lokalt næringsliv.

I desember gjorde politikarane i Vindafjord kommune vedtak om å utsetja salet av den sentrale Revehallstomta i Ølen sentrum, der Ølen båtlag er ein av interessentane som ønskjer å kjøpa tomta. Under den politiske handsamlinga i kommunestyret blei det stilt fleire spørsmål som politikarane ønskjer svar på før dei avgjer kven som skal få kjøpa tomta. Saka skal opp til ny behandling i februar.

– Før me utarbeidde planane våre tok me omsyn til ei rekkje kriteriar som var utarbeidde av administrasjonen i Vindafjord kommune. I prospektet vårt var alle desse kriteria innfridde, og difor fekk me flest poeng før saka blei behandla i formannskapet.

Eg blei overraska over at saka gjekk vidare til behandling i kommunestyret, i og med at det ikkje stod noko om dette i salsprospektet. No når det likevel har komme nye innspel frå politikarane i kommunestyret, er me villige til å sjå på alternative løysingar.

Målet vårt er at tomta skal nytta til allmennyttige formål som kjem folk i alle aldrar til gode, seier styremedlem Tore Haaland i Ølen båtlag.

I avtalen om kjøpet av Revehallstomta ligg det inne ein klausul om at kjøparen må setja opp ei bygg på tomta innan tre år.

Politikarane ønskjer svar på om Ølen båtlag framleis er med i prosessen, og korleis båtlaget eventuelt har tenkt å finansiera sine planar om å setja opp til multifunksjonelt bygg.

– Svaret er at me absolutt er med vidare. Den 27. desember inviterte me lokalt næringsliv til båtlagshuset, der me drøfta innspela frå politikarane. Dersom Vindafjord kommune framleis står fast ved at tomta skal seljast, har me støtte for planane våre frå næringslivet.

I møtet blei det drøfta ulike idear for framtidig bruk av huset. Båtlaget vil gå i dialog med aktørar som Friluftsrådet Vest, Vindafjord jakt- og fiskelag, Kystlaget Romsa, 4H og liknande organisasjonar knytt til maritimt miljø, for å bli samde om framtidig bruk av bygget. Det nye kulturhuset Sjøperlo har allereie takk ja til å vera med på eit samarbeid.

– Me vil også vurdera om me kan knyta bygget opp mot turisme, og i den samanheng vil det vera naturleg å kontakta Unni Marie Lien.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags