Pelsdyrnæring og rovdyrpolitikk

Av
DEL

LeserbrevI den seinare tida har det komme signal frå regjeringa om at pelsdyrnæringa skal avviklast. Dette grunna det er avdekka at nokre av dyra har lidd unødig. Det skal vera manglande dyrevelferd og dyremishandling.

For oss som driv med blant anna dyrehald verkar dette uforståeleg. Ein opplever stadig at rovvilt drep eller skadar husdyra våre. Sauer kjem heim med avrivne øyrer og halar samt blod og merker etter ørneklør i ryggen. Då heiter det ikkje dyremishandling lengre. Det er heller ingen som talar husdyra sin sak og ønsker å redusere rovdyrbestanden for på den måten redusera lidinga deira.

Det er heller ingen som talar mat-viltet sin sak. Dei lid under dei same vilkåra. Stadig nye arter vert raudlista, dette er arter som tradisjonelt har vore høgt skatta og naudsynt mat vilt for mange. Nå kallast lidingane til dyra «naturopplevingar» og «naturens gang». Dette for å forlyste nokre andre og tredje generasjons politiske broilerar som i aktløysa har forvilla seg utanfor asfaltkanten og bysona. For mat viltet er lidinga og utfallet det same.

Lat oss få ein heilskap i rovdyrpolitikken der produksjon av mat og mat-vilt vert sett føre å ha ein for stor rovdyrbestand som ingen er tent med. Lat folk på bygda drive med tradisjonell matproduksjon og viltpleie. Dette er ein del av vår kultur. Ein burde heller gå inn for å redusere antal byråkratar. Desse skaper eit over regulert samfunn som kun bidrar til å drepe gnisten i folket, og gjere dei fleste til ufrivillige lovbrytarar sidan dei strevar for å ivareta kulturen sin.

Lat heller dei som kontrollera pelsdyrnæringa få i oppgåve å hjelpe næringa til å betre forholda til pelsdyra. Det er tross alt den menige mann som lønar dei. Slik dei opptrer nå er det nærast som eit hovmodig politi med manglande bakkekontakt og evne til å vilja tena dei som løner dei.. Det einaste ein oppnår med eit forbod mot pelsdyroppdrett er at denne næringa vert overtatt av ein annan nasjon, der ein ikkje har noko påverknad. Så lenge verden nyttar pels vil det vera ein marknad for dette.

Reidar Ebne

5593 Skånevik

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags