Retta innlegg: Eg skulle ikkje trutt på Støre

Av
DEL

LeserbrevFor noko av det eg skreiv i avisa onsdag om Ap-leiar Gahr Støre må eg få retta meg sjølv. Støre prøver å skremma med høgare toll på norsk fisk til EU når me seier opp EØS-avtalen. Det han skriv om tollsatsar tok eg for god fisk og trudde på tala hans. Det skulle eg ikkje gjort. For den norske fiskeeksporten er det ikkje EØS-avtalen, men eigne og tidlegare handelsavtaler som gjeld.

For heile verda gjeld WTO-avtalen. Den slår fast at for eksisterande handel kan det ikkje innførast ny eller høgare toll. Då EU for nokre år sidan ville føra inn anti-dumpingtoll på norsk laks, måtte unionen la difor det vera. Sytti prosent av norsk lakseeksport går til EU-land, så det var viktig for oss.

For det dei kallar «kvit fisk» er det i EU ulike tollsatsar, ned til null. Til Polen har me stor fiskeeksport, som framleis er tollfri etter at landet blei EU-medlem, slik WTO-regelen seier. Det er klarareenn eg skreiv at den norske eksporten av torsk (og laks) går like uhindra utan EØS-avtalen. Det Støre påstår om tollmur mot fisk utan EØS-avtalen ergrov og usann propaganda.

EU-landa produserer berre 20 prosent av laksen og 10 prosent av torsken dei set til livs. Norsk torsk er sterkt etterspurd, og blir eksportert uansett; til 46 land utan toll, til 26 land med toll. Når norske arbeidsfolk vil ut av EØS for å stoppa den frie arbeidsinnvandringa frå EU, har arbeidarpartileiaren ikkje svar på det og fornektar det som er eineståande styrke for vårt land. Desperat og dumt forsøk på å få oss til å gløyma at med fisken, olja og store frie havområde står me sterkare enn EU og treng minst av alt ein grunnlovsstridig EØS-avtale som gjer landet til lydrike. For norske arbeidsfolk er han ei ulykke. Den mannen bør ikkje bli statsminister, og blir det nok ikkje heller.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags