Samferdsel: Lang tunell over Haukelifjell

Av
DEL

LeserbrevNok ein gong står trailerne i kø i Haukeligrend for å koma over Haukelifjell på grunn av stengd veg.

E134 var sett opp som hovedveg / stamveg for den sørlige delen av landet, det såg greit ut. Men så kom pressgruppene på banen og greidde å tone ned dette. Kva for pressgrupper, ja det er i fyrste rekke dei som prioriterer Rv7, truleg privatpersonar som har hytte på Geilo og nedover i Hallingdal, og som har gode politiske kontakter inn i Bergen Høgre og vidare innover og oppover i systemet.

Det er trist at slike pressgrupper kan endre på det fagetatene i departementa har funne fram til.

Det er heilt klar at den søndre delen av landet på båe sidene av Langfjella er E134 den klart beste vegløysninga. Jæren og Stavangerområdet vil med dei nye vegprosjekta få ein kortare veg aust og vest over Haukelifjell. Det same vil dei aller fleste i området rundt Bergen og sørover, men nokre unnatak ….

Det er å vone at samferdselsministeren greier å manne seg opp og finne fram til dei planane han la fram, før denne pressgruppa i Høgre greidde å få tone det ned, trass i det fornuftige grunnlaget.

Ein annan ting, burde me ikkje bygge tunellen over Haukelifjell før tunellen over Seljestadfjellet, det er på Haukelifjell at me har problemene om vinteren.

Dit som forundrer meg er at ikkje transportnæringa er meir pågåande i krava om vintersikre vegar, for det som har skjedd med E134 er feil, og her bør politikarane koma på banen, dette er svært viktig for samfunnet og ikkje mykje av det dei har drive med no i det siste….

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags