Smart, for kven?

Av
DEL

LeserbrevSom alle andre huseigarar, tok imot også me varsel frå Haugaland Kraft om at strømmålaren vår skal skiftast ut. Varselet stod fram som eit reint «gledesbodskap», der det berre var gode nyhetar.

No skal me sleppa å lesa av straumen, me skal få varsel om strømbrudd og den nye målaren er tilrettelagt for framtida m.v. Og til alt overmål så skal ikkje byttet kosta deg noko. Eller som det står: «Oppgraderingen er ein del av det du betaler for gjennom nettleien, så du får ingen faktura knytt til målerbyttet».

Når eg las dette vart eg skeptisk, skal me verkeleg få noko kostnadsfritt av eit nettselskap!?

Skepsisen min førte til at eg har prøvd å setta meg inn i kva byttet eigentleg inneber. Og det eg finn er skremmande.

No skal heimen overvakast elektronisk av eit tilfeldig nettselskap. Den nye målaren samlar og lagrar detaljert og sensitiv informasjon om deg og din familie. Og som kjent, personalopplysningar er vorten ei handelsvare. Varselet fortel ikkje noko om strålefaren, målaren sender trådlaust ved hjelp av mikrostråler.

Faren ved dette er ikkje nok greia ut. Varselet inneheld heller ikkje noko info om ny berekning av nettleiga, noko som skal gi deg dyrare nettleige når du brukar mykje straum på ein gang, som på morgonen og om ettermiddagen, (effektmåling).

På grunn av ovanevnte valde me å sei nei takk til bytte av målar, noko som ikkje vart godt mottatt av Haugaland Kraft.

I svarbrevet frå Haugaland Kraft der me vert omtala som «Kjære kunde», viser innhaldet i brevet at det er nett det me ikkje er. Brevet viste med all klarleik at ein er redusert frå «Kjær kunde» til eit rettslaust «målepunkt».

Brevet opplyser berre kva «rettar» HKN / NVE har, ingen info om kva rettigheit eg som kunde har.

Det kan sjå ut som at vedtaket om bytte til «smartmålar» har gått under radaren til våre folktevalgte. Håpet no er at nokon tek tak i saka og rettar opp i galskapen. I det minste gjer bytte til ny målar til ei frivillig ordning.

Og til deg som har fått installert smartmålar, det er råd å angre seg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags