Magaplasket Sveio Folkebad

Ordførarkandidat Jarle Jacobsen

Ordførarkandidat Jarle Jacobsen Foto:

Av
DEL

LeserbrevKanskje du framleis hugsar valkampen 2015. Arbeiderpartiet i Sveio gjekk stort ut med at dei ville byggje nytt folkebad. Første steg på vegen for å oppnå dette var at verken Kristeleg Folkeparti eller Senterpartiet blei invitert inn i samtalar valnatta. Svaret me fekk var at dei hadde lest våre program, og me var difor ikkje interessante. Me var nemleg for ei berekraftig økonomisk styring i komande periode og hadde ikkje folkebad i programma våre. Alle som kjenner historia hugsar at Arbeidarpartiet nesten uten å blunke gjekk over til Framstegspartiet i eit valteknisk samarbeid med eitt mål for auga: Nytt folkebad!

Etter fire år kan me nå sjå tilbake på kva som har skjedd. Me kan oppsummere kort at eigedomskatten er redusert, at me driv kommunen godt økonomisk og ikkje minst leverer me gode tenester. Sveio kommune stig stadig på kommunebarometeret. Folkebadet blei det verre med. Det blei akkurat så dyrt som Kristeleg Folkeparti sa i valkampen 2015 og er skrinlagt i planlagt form. Eg vil oppsumera slik: Det gjekk som det måtte gå, og hundremillionars bassenget blei stoppa før spaden gjekk i jorda. Etter at det valtekniske samarbeidet var over, sat nemlig ikkje Arbeiderpartiet med fleirtal i kommunestyret. Eigedomskatten er nå halvert samanlikna med 2011, noko me i Kristeleg folkeparti er godt nøgd med. Dette er ei gladsak som har drukna i det ikkje-eksisterande bassenget. Det har vore sagt og gjort mykje i denne saka i over 10 år, kort oppsummert vil eg kalla folkebadet eit stort magaplask.

Samstundes som me har brukt tid og pengar på utgreiinger, tomtekjøp og planar har viktige oppgaver som fullføring av kommuneplan og sentrumsplan blitt forsert. Slik kan me ikkje halda fram. Nå må me fokusere framover og setja oss oppnåelige politiske mål og byggja heile kommunen stein for stein. Tida nærmar seg for å kunne byggje nytt basseng, men dette må gjerast innanfor rammer me kan leva med.

Kristeleg Folkeparti ynskjer å vere med på å byggje heile Sveio kommune vidare, og har store ambisjonar for Sveio! Sveio Krf stiller med ei ung, engasjert liste, som brenn for å utvikle Sveio dei neste fire år. Det vil me få til gjennom godt politisk samarbeid med alle i kommunestyret!. Du kan trygt stemme Kristeleg folkeparti 9. september!

Godt val!

Jarle Jacobsen
Ordførarkandidat
Sveio Kristeleg Folkeparti

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags