Nedstenging av olje- og gassproduksjonen vår?

Av
DEL

LeserbrevDet er skremmande å sjå alle innlegga frå klima-aktivistar kor ein går inn for å tidfesta nedstenging av oljeproduksjonen. Det verkar som om dei tradisjonelle partia ikkje vågar å seie mot.

Realiteten er at ei einsidig nedstenging her i Noreg ikkje vil ha klimaeffekt i det heile. Tvert om vil det på kort sikt føra til auka forureining fordi vår olje som blir produsert med mindre forureining blir erstatta med olje produsert med større forureining.

Det er umogeleg å finna fordeler med nedstenging i Noreg. Argumentet med at mindre oljeproduksjon i Noreg vil føra til høgare oljeprisar og dermed redusert bruk av olje, held ikkje.

OPEC kan doble oljeproduksjonen sin på kort varsel og vil sørgja for at tilbodet av olje balanserer med etterspørselen slik at dei får ein «rett» pris, sjølv om vi stenger ned.

Det er etterspørselen etter olje ein må arbeida for å få ned. Då går produksjonen også ned.

Nedstenging i Noreg vil berre føra til arbeidsløyse og dårlegare økonomiske vilkår som vil spreie seg til alle lag av folket, utan nokon klima-gevinst i det heile.

Tvert om må vi produsera så mykje olje som vi kan nå medan etterspurnaden er stor. Inntektene kan vi bruka til å støtta utvikling av «grøn» industri, støtte til berekraftig utvikling i utviklingsland, og til tiltak som avbøter skadeverknadane av den klimaendringa som heilt sikkert vil koma.

For det er sannsynleg at etterspørselen etter olje vil auka ennå ein del år. På grunn av store folkemengder i verda som skal opp på eit høgare forbruksnivå på alle plan. Og fordi ein framleis må avvikla bruk av kol.

Nå får vi vona at Arbeidarpartiet tar ei klart standpunkt mot reduksjon og nedstenging av oljeproduksjonen både på kort og lang sikt. Men dei skal vel som vanleg vera «litt» miljøvennleg og «litt» industrivennleg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags