Kryss ei kvinne inn i kommunestyret

Fotograf Nordtveit

Fotograf Nordtveit Foto:

Av
DEL

LeserbrevMe står no foran eit nytt kommunestyreval i Vindafjord. Du har nå mulighet til å avgjera kven som skal styra kommunen dei neste 4 åra.

I Vindafjord er det dessverre særs få kvinner som er valde inn som folkets representantar. Dette er særs beklageleg og eit demokratisk problem slik eg ser det,

Arbeiderpartiet er heilt tydeleg, for oss er det heilt naturleg å kunne presentere ei liste som har 50 % representasjon av kvinner og menn.

For Arbeiderpartiet er det viktig å få fleire kvinner med i politikken. Kvinner utgjer halve befolkninga og skal sjølvsagt ha halve makta. Arbeiderpartiet er likestillings partiet og for oss handlar dette og om likestilling.

Me treng fleire kvinner inn i Vindafjord politikken. Det kan ikkje vera slik at det er menn på 50 + som skal dominera politikken i Vindafjord. Eg ynskjer meg dyktige, modige og smarte kvinner inn i Vindafjord kommunestyre.

Eg er stolt av at mitt parti ved dette valet har rekord mange kvinnelege ordførarkandidatar - 42%. 4 av 10 er kvinner, det er eit stort og viktig løft for meir likestilling i politikken. Me treng nye synsvinklar og me må våga å utfordra etablert tankesett.

Med fleire kvinner i politikken vart der satt sterkare fokus på viktige oppgåver som heiltids utfordringane i offentleg og privat sektor. Det er eit problem når så mykje arbeidsevne ikkje vert utnytta. For kvinner er dette og snakk om å vera økonomisk sjølvstendig og ein økonomisk trygghet fir framtida.

Vindafjord Arbeiderparti håpet at ved dette valet vert det fleire kvinner i kommunestyret.
Vindafjord Arbeiderparti vil jobba for at fleire kvinner engasjerer seg.

Gode veljarar - KRYSS EI KVINNE INN I VINDAFJORD KOMMUNESTYRE. La oss i år mobilisera slik at fleire kvinner styrer Vindafjord. Det vil gjera Vindafjord til ein framtidsretta kommune. Med sterke fellesskap og med framtidstru.

Nytt gjerne Vindafjord Arbeiderparti si liste, då sikrar du Vindafjord ein kvinneleg ordførar.

Godt val!
Tove Elise Olsen Frøland, ordførarkandidat Vindafjord Arbeiderparti.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags