Manglande sjukepleiedekning i kommune og sjukehus set bachelorutdanninga i sjukepleie i fare!

Av
DEL

LeserbrevStudentane ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet skal etter forskrifta om helsefaglege utdanningar i Norge ha veileda praksis. Tilsette i kommune og sjukehus må følgje opp og evaluere studentane saman med tilsette ved høgskulen.

Som hovudtillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet er me bekymra for korleis manglande rekruttering til ledige sjukepleiestillingar kan påverke sjukepleieutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Me er bekymra for om høgskulen i tida framover kan utdanne så mange som me gjer i dag.


Nasjonalt og lokalt er det i åra som kjem eit aukande behov for sjukepleiarar i kommune og i sjukehus. Befolkninga blir stadig eldre, og behovet for spesialiserte sjukepleieoppgåver vil auka. Høgskulen på Vestlandet utdannar om lag 500 sjukepleiarar i året, fordelt på fire ulike campi. I tillegg til at høgskulen og tilbyr fleire vidareutdanningar og masterutdanningar.


Som hovudtillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet er me bekymra for at manglande rekruttering av sjukepleiarar til kommune og sjukehus kan gjere at høgskulen ikkje kan ta opp så mange studentar som ein gjer i dag. I neste omgang vil nedgang i studenttalet gjere at ein får færre søkarar til stillingar på sjukehus og i kommunehelsetenesta.


Som hovudtillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund ber me kommunane og sjukehusa i høgskulen sitt nedslagsfelt å ta grep å gjera det meir attraktivt å søka seg til sjukepleiarstillingane, samt å gjera arbeidsforholda gode slik at dei tilsette ikkje sluttar og går over til andre yrke.

Hovudtillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund, NSF ved Høgskulen på Vestlandet
Reidun Stavland
Stig R Pettersen
Kristin Mo
Toril Fjørtoft


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags