Eg les er at eg som sjukepleiar gjer ein jobb som ikkje er forsvarleg og som ikkje er trygg for pasientane

Av
DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

LeserbrevTil styreleiar i Helse Fonna:

Eg er intensivsjukepleiar og leiar for intensivavdelinga ved Odda Sjukehus. Etter dine utsegn referert i Hardanger Folkeblad 10 mars sit eg igjen med ubehagelege kjensler og usvarte spørsmål.

Du grunngjev avgjersla om avvikling av akuttkirurgi med at styret innser tilbodet ved Odda sjukehus ikkje er på nivået som befolkninga trur og tenkjer. Har du føresetnadar for å vite kva folket i Odda og indre Hardanger trur og tenkjer? Eg er sjølv ein av befolkninga og eg veit med sikkerheit at Odda sjukehus har eit forvarleg tilbod. Under styremøte blei det og sagt av Dr. Espelid fleire gonger at Odda sjukehus driv forsvarleg. Det er også sagt av administrerande direktør under fleire anledningar.

Dine utsegn i Hardanger Folkeblad sår utryggleik og sinne blant tilsette og befolkning. Er det dette du vil oppnå med dine utsegn som styreleiar for helseføretaket?

Eg har arbeida på Oslo Universitetssjukehus (Ullevål). På Ullevål har eg aldri blitt behandla på ein måte der eg sit med kjensla av at eg gjer ein dårleg jobb. Ullevål er landets største traumesjukehus og eg har tatt i mot alvorleg kritisk skadde pasientar over mange år.

Trur du at befolkninga i Odda går rundt og tenkjer at det er traumesjukehus me har i Odda? Enten har du misforstått eller så har du ikkje lest alle høyringane godt nok. Du kan ikkje ha satt deg godt nok inn i kva Odda sjukehus har av oppgåver når det gjeld akuttkirurgi.

Akuttkirurgi kan definerast som akutt oppstått medisinsk tilstand som innan kort tid krev kirurgisk behandling. Dette kan være mindre alvorlige tilstander som kutt i ein fing eller eit sår, men også livstruande tilstander som større blødingar.

Opplevinga mi etter styremøte er at styremedlemmene har ulik oppfatning av kva oppgåva til Odda sjukehus er når det gjeld akuttkirurgi. Dr. Espelid beskreiv det godt i starten av saksutgreiinga si at akuttkirurgi kan vera alt frå kutt i ein fing til store skadar påført med høgenergi som ved for eksempel trafikkulykker. Det blei tydelegvis gløymt undervegs i saka av enkelte styremedlemmer. Det blei snakka om traumesjukehus av Hilde Christensen, noko som ikkje er relevant for denne saka i fht. bevaring av akuttkirurgi i Odda.

Me er faktisk så jordnære her ved Odda Sjukehus at me veit kva me kan og ikkje kan. Er det noko me er god på så er det å ta i mot raskt og vurdera for så å overføra til høgare behandlingsnivå. For å oppretthalda denne kompetansen og kunnskapen er me avhengig av det me har i dag: Akuttkirurgisk beredskap for stabilisering og vurdering

Korleis kan pasienttryggleiken bli betre når ein tek bort ein viktig bærebjelke til Odda sjukehus?

Eg sit igjen med ei kjensle at tilsette ikkje gjer ein god jobb og at pasientane ikkje får trygg behandling slik me arbeidar i dag. Dette sjølv om Odda sjukehus scora høgt på pasienttilfredsheit under siste undersøkinga.

Eg er djupt såra og vonbroten over dine utsegn. Det eg les er at eg som sjukepleiar gjer ein jobb som ikkje er forsvarleg og som ikkje er trygg for pasientane!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags