Ikkje verdsmeistrar i likestilling

Av
DEL

LeserbrevLaurdag 10. mars skreiv Benedikte Svendsen og Mahnoor Raja om at me må feire alle sigrane som alt har kome i likestillingskampen, og at det ikkje er langt igjen til likestilling er oppnådd. Sjølv om me er langt nærare likestilling no enn me var for 150 år siden, må me ikkje late som at likestillingskampen er over.

Eg trur ikkje nokon gløymer kampane om stemmerett og utdanning, men berre fordi desse kampane er vunne, betyr ikkje det at me ikkje skal ta kampane som i dag hindrar likestilling. Meiner Svendsen og Raja at siden kvinner no får utdanning, er det greit at dei får mindre løn enn ein mannleg kollega som gjer same jobb? Meiner dei at sidan kvinner no har stemmerett, må dei finne seg i litt seksuell trakassering?

Svendsen og Raja viser til kvinner i ledande ministerstillingar. Når det gjeld andre toppleiarstillingar er kvinner framleis svært underrepresentert. Dei nemnte ministrane er og i media utsett for eit heilt anna fokus på klede og utsjånad enn sine mannlege kollegaer.

Det er kvart år ein debatt om me treng 8. mars-markeringar. Nokon vil nok sei at «i eit så progressivt og fremtidsrettet land som Norge» treng me ikkje det. I år var det fleire som markerte 8. mars enn på mange år. Dei største sakene var likeløn og slutt på seksuell trakassering. Det er eit klart signal om at kvinner ikkje er likestilte med menn, og derfor treng me framleis 8.mars.

Svendsen og Raja skriv at me gjerne tar for gitt at jenter får utdanning og har stemmerett, og gløymer at det ikkje alltid har vore slik, og at i Saudi-Arabia har kvinner nettopp fått lov å køyre bil. Det at Norge ligg så langt føre ein del andre land betyr ikkje at me kan kvile. Dersom me i Norge jobbar hardt for å få full likestilling her, kan det ha positiv innverknad på andre land, slik at dei får likestilling raskare. Norge er heller ikkje best på likestilling i dag. Island har for eksempel innført lov om lik løn for likt arbeid, noko Norge enno ikkje har. Først når det er full likestilling kan me feire, fram til det kan me takke dei som har kjempa før oss, og heidre dei med å kjempe vidare for kvinner sine rettar.  

Reidar Sand

Leder, Haugalandet Sosialistisk Ungdom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags