Ja, dei bompengane

Husker du?: Den gangen vi måtte betale bompenger i Trekantsambandet. Arkivfoto: Alfred Aase

Husker du?: Den gangen vi måtte betale bompenger i Trekantsambandet. Arkivfoto: Alfred Aase

Av
DEL

LeserbrevI seinare tid har det vakse fram mykje strid om bompengane. Det er skipa parti som heiter Nei til meir bompengar.

Desse partia stiller lister i fleire kommunar og byar. Og det ser ut til at desse får makt mange stader.

Men lat oss sjå litt på dette. Og eg tek til lokalt her i Kvinnherad. Hadde me hatt Folgefonntunellen utan bompengar? Svaret er sjølvsagt nei. Tunellen er nedbetalt og gratis no. Og hadde me hatt tunell mellom fastlandskvinnherad og Halsnøy utan bompengar? Også her er svaret nei. Den vert gratis den. 6. september i år.

Ser me mot vest så finn me Trekantsambandet. Der var det sjølvsagt bompengar. Men dette sambandet er nedbetalt og gratis. Sambandet knyter Bømlo og Stord til Haugalandet. Det opnar og for ferdsle mot Austlandet og Sørlandet. Så det er ei ny verd som opnar seg for Sunnhordland.

Vender me augo mot nord så ser me at Hordfast er under planlegging/gjennomføring. Noko som opnarfor eit ferjefritt samband frå Nordhordland til Austlandet/Sørlandet. Dette sambandet får jo bompengar det og.

Men dei varer ikkje til evig tid, og sambandet vil verta gratis om nokre år.

Vender me oss mot sør så finn me Rogfast. Når det kjem så får me ferjefritt samband mellom Nordhordland og Stavanger. Og sjølvsagt får me samband mot aust og sør. Bompengar? Sjølvsagt.

Så skal me sjå på alternativet, og det er sjølvsagt ferjer - mange ferjer. Og har me i mange tiår betalt ferjebillettar. Eller skal me kalle det for bompengar? For det er jo det det verkeleg er. Let me vera å byggje desse sambanda så må me laga oss på å betale desse hersens bompengane på ferjene til evig tid. Er det eit brukande alternativ? Svaret er NEI.

Men, det er og eit men med å krevja inn bompengar. Dei må sjølvsagt nyttast til det som er føremålet med dei - byggja vegar bruer og tunellar.

Så de som er så imot bompengar. Tenk over dette. Og tenk både lenge og grundig.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags