Karbonfangst og lagring – et nytt industrieventyr?

Av
DEL

LeserbrevRegjeringar jobba langs fleire aksar for å få ned det globale klimaavtrykket. Vi aukar fornybarandel i kraftmiksen, vi energi-effektiviserer, vi tek teknologien i bruk for å få ned karbonavtrykk, og næringslivet er med i det store grøne skiftet. Sirkulærøkonomi vert viktig, og ein elektrifiserer i den utstrekning som er mogleg.

Men det er vanskeleg å sjå for seg at ein skal sirkulere materiale inn i evigheita, eller ha ein byggeindustri utan sement og betong. Produksjon av sement og forbrenning av avfall er eksempel på prosessar som slepp ut CO2. Difor er karbonfangst og lagring eit prosjekt regjeringa også jobbar vidare med.

Energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud og sementfabrikken Norcem er med i pilotarbeidet på karbonfangst, medan Equinor, Shell og Total har ansvar for prosjektet som omhandlar transport og lagring – Northern light. Vi har ein unik moglegheit for lagring av CO2 i formasjonar vi etterkvart tømer for olje og gass i Nordsjøen.

Prosjektet er avhengig av internasjonal interesse for å lukkast. I alle prognosar som vert laga for å nå Parisavtala, er karbonfangst og lagring ein del av svaret. Dette kan for Noreg også bli starten på eit industrieventyr. Det er anslått at dersom ein lukkast, vil det på sikt kunne bli fleire titals-tusen arbeidsplassar knytt til denne industrien.

Regjeringa har difor i revidert statsbudsjett foreslått ei ytterlegare styrking av bevilgingane til den delen av prosjektet som omhandlar lagring av CO2 med 150 mill, og foreslår og gje ei tilsagnsfullmakt på 195 mill.

Dette skal del-finansiere planlegging og boring av ein undersøkelsesbrønn i Johansen-formasjonen for å vera trygg på at geologien er eigna for karbonlagring. Industriaktørane tek dei resterande kostnadane.

Regjeringa vil, når grunnlaget er klart, leggja dette fram for Stortinget. Lukkast vi med prosjektet, kan dette bety svært mykje for Noreg som industrinasjon, for verdas industriproduksjon og for den globale klimadugnaden.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags