Med livet som innsats gjennom Skjoldavik (på sykkel...)

Av
DEL

LeserbrevMed livet som innsats gjennom Skjoldavik (på sykkel…..)

Me bur i Isvik – eit sentralt flott barnevennleg felt i bygdenorge. Problemet er at skulen ligg på motsett side av Skjoldavik – som er skulevegen til ungane. Dette er skulevegen til mange av ungane i Skjold. Og skulevegen vert tilbakelagt med livet som innsats. For snart tre år sidan starta det som har vore ein verkande byll i bygda. Som har fått fram dei fleste kjensler hjå bygdefolket, og etter uteljelege møter, samtalar, mailar til kommune og vegvesen og forsøk på å bli høyrt har det skjedd….. tja….. Ingenting!

Ja det er ikkje heilt sant……

Foreldre har talt bilar…..

Politikarar har talt bilar….

Vegvesenet har talt bilar….

Administrasjonen i kommunen har talt bilar….

Og det er mange forslag om kva som kan gjerast – eller kunne vore gjort.

Men vegen er like farleg og ungane kan fortsatt ikkje bruke Skjoldavik utan ein god porsjon overmot.

Me bur altså i Isvik. Minstemann har gratis skuleskyss fyrste skuleåret på grunn av ”lang” skuleveg, men viss han skal ta buss må han gå til buss-stoppen i Isvik og krysse parkeringsplassen ved Kiwi. Meir enn ein gong har me nesten blitt påkøyrt her, blant anna av bilar på veg til legekontoret, og han har ingen moglegheit til å lese trafikkbildet aleine. Dei to eldste kunne sykla, men ein av dei må ta bussen med minstemann og ofte blir det då at alle tar bussen. Bussbilletten til skulen kostar 18 kr. Så for begge ungane vil bussen koste 72 kr pr. dag. Det blir fort mykje pengar når det er fem skuledagar i veka……

Så eg køyrer…..

Eg har fleire gonger tenkt at nå skal me prøve igjen og eg syklar i lag med ungane til og frå skulen for å øve. Sist sykla eg på utsida av sjuåringen for at han skulle lære seg å halde seg inntil sida.

Meir enn ein bil bråbremsa i rumpa mi der den kom i full fart bakfrå i ein av svingane. Irritasjonen frå bilføraren over å bli forhindra i vegen var til å ta og føle på. Ein sjuåring dinglande midt i vegen hadde ikkje stoppa bilane…..

Tiåringen har heller ikkje full kontroll i å halde sida si og om bilane kjem i 50-60 km/t, slik dei ofte gjer, er ho heller ikkje trygg . Ungane kunne gått, men bilane vil fram, og køyrer fort, og vegen er mange stadar smal og uoversiktleg så det og gå er farleg det og.

Nokre meinar at ungane kan gå over vegen ved tidlegare Skjold Trevare og gå gjennom dei andre byggefelta til skulen. Og ja – det kunne vore ein moglegheit. Men låge fartsgrenser hindrar ikkje digre vogntog frå Toraneset og Vikebygd i rasande fart, samt bilar med dårleg tid, i å bryte alle fartsgrenser mot svingen i Isvik. Trettenåringen sa i dag at han syntest dette krysset er skummelt og han veit ikkje kor han skal krysse, så sjølv om me likar utfordringar vert dette i meste laget.

Me er sju familiar med skulebarn i feltet og på det meste køyrer me i kø, seks bilar frå same felt. Eg er så flau. Eg leverer dei på skulen i samband med køyring på arbeid, men opplever dette likevel som feil. Det er heilt latterleg å køyre dei, og eg er flau. Eg har vurdert å ta initiativ til felleskøyring med naboane, men når sant skal seiast er eg så flau over at eg køyrer og vil helst ikkje snakke om det. Men eg er også sint. For eg er svært opptatt av fysisk aktivitet for barn og unge og førebygging av helseplager. Eg vil så gjerne at ungane skal kunne sykle eller gå til skulen, men skal det vera med livet som innsats? Kan eg leve med å sende ungane på ein veg som er livsfarleg? Ein veg der eg sjølv opplever å bli forbikøyrd av opptil 50 bilar om eg følger ungane til/frå skulen, og kjenner at eg må vera 100% konsentrert når eg bevegar meg der?

Nei, eg kan ikkje det. Så eg køyrer, eller dei tar bussen og eg gremmer meg over at ingenting vert gjort med vegen.

Du tenkjer gjerne at me må ta ansvar sjølv, og slutte og køyre, og ja, eg har også tenkt det. Men om alle me i Isvikfeltet sluttar å køyre, og om alle andre i Skjold også sluttar å køyre gjennom Skjoldavik vil det likevel ikkje vera trygt.

Svært mange tilsette i skule og barnehage, arbeidsfolk og andre, svingar av frå E134 i Isvik og køyrer mot skulen gjennom Skjoldavik. Dagleg dundrar traktorar, svære vogntog, bussar og anna tungtrafikk gjennom Skjoldavik, og mange av dei har iallfall ikkje tankar for at dette er skulevegen til ungane våre.

Difor trur eg mange som tidlegare var flinke og køyrde rundt nesten har gitt opp. For det ER kortare gjennom Skjoldavik.

Så eg håpar og ber om at noko snart vert gjort.

Må me miste nokon før dette vert tatt på alvor? Før nokon tar ansvar og faktisk gjer noko – MEIR enn å snakke om det?

Kanskje er det slik at me ikkje kan ha noko val?? For viss det ikkje går an å køyre gjennom Skoldavik køyrer me jo rundt. Både skjoldabuar og dei som kjem frå andre stadar. Eller om det er så mange fartshumpar eller innsnevringar at vogntog og bussar ikkje kjem fram, og det ikkje går an å køyre i 60 km/t vil det vera tryggare å gå eller sykle.

Men inntil vidare er det med livet med innsats gjennom Skjoldavik, for store og små på beina eller sykkel.

Liv Eidhammer Mangrud

mor

Isvik, 5574 Skjold

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags