Interkommunalt folkebad på Flotmyr – maks 15 min kjøring frå Sveio sentrum.

Av
DEL

LeserbrevSveio har i den seinare tid offisielt innført begrepet «maks 15 min kjøring fra Sveio sentrum» i kommunikasjon med innbyggjarane. Dette blir løfta fram i kommunen sin informasjonsportal som blir synt på infoskjermar plassert rundt om i kommunen.
Greit nok det. I grunnen er ikkje dette noko nytt, for dei som måtte tru det. Bygdefolk i skulekrinsar både innanfor og utanfor denne imaginære passarsirkelen på Sveio kartet, som dekkjer 15 minutt køyretid, har over lang tid fått røynd konsekvensane av sterk, bevisst og langvarig sentralisering.
Men når dette no er blitt offisielt, så opnar det og for heilt nye løysningar på ein rekkje områder:
Som kjent er det frå ulike hald ynskje om nok ein symjehall/ bad i Sveio for tida oppe til debatt.
15 minutt køyretid sørover langs RV47, så passerar ein kommune og fylkesgrensa på Søra Våge, og ein rekk faktisk heilt inn til Flotmyr på denne tida.
Og her er poenget: I nabokommunen vår i sør; Haugesund med sine 40000 innbyggjarar, har dei store planar:
Heile Flotmyr slik me kjenner det i dag, skal omregulerast til et nytt bustad- og næringsområde.
Her kjem og kommunale tenestetilbod som blant anna folkebad og barnehage, les me i HA.
Ein ny kollektivterminal skal byggjast i området nord for dagens terminalbygg, mens folkebadet er planlagt i området ved
dagens rutebilstasjonen og venteplass for buss.
Det første fysiske arbeidet som skal gjøres, er masseutskiftning av grunnen hvor svømmeanlegget er planlagt.
Mellom anna så skal dagens rutebilstasjon (les påtenkt jernbanestasjonsbygg), som sto klar til byjubileet i 1954, rivast.
All bussparkering og bussverkstad skal flyttast til Raglamyr i 2020, men det er behov for en mindre busstasjon på Flotmyr.
Fleire terminalfunksjonar for publikum kan havne i det nye folkebadet.
Langs Karmsundgata, fra svømmeanlegget mot Djupaskarsvegen og Haugesund stadion, er det lagt opp til
sentrumsfunksjoner som kontorbygg, forretning, bevertning eller tjenesteyting.
Med ei køyretid på 15 minutt mellom Sveio sentrum og Flotmyr, som vil bli korta ned ytterligare når vegen nordover fra Fagerland til Vikse blir utbetra, vil kommuneadministrasjonen pådra seg alvarlege sakshandsamingsfeil i arbeidet med ny symjehall, dersom dette alternativet med eit interkommunalt folkebad på Flotmyr ikkje blir grundig utgreia. Og framlagt for lokalpolitikarane som er dei som skal ta avgjerda. Sonderingar med Haugesund bør komme i gang snarast.
Dersom kommuneadministrasjonen av ulike omsut og interesser, vel å sjå vekk får ei slik løysing så er det formannskap og kommunestyre si plikt å sjå til at dette alternativet blir nøye utgreia. Og i siste instans ei sak for kontrollutvalet.
Sveio har allereie eit utstrakt samarbeid med nabokommunar på Haugalandet på ei rekkje områder. Eit moderne folkebad / symjehall er ein stor investering som også drar med seg massive årlege driftskostnader. Ei investering som vil leggja sterke begrensingar på kommunen sitt handlingsrom langt inn i framtida. Pengar som vil kunne frigjerast til næringsutvikling, skule og eldreomsorg.
For lovpålagt symjeopplæring for grunnskulen, så har Sveio (sentrum) allereie ein 12 meters symjahall. Denne er det berre å iverksetje oppgradering av snarast. Ei slik oppgradering av den gamle symjehallen vil koste ein brøkdel av investeringane og dei årlege driftskostnadene for ein ny symjehall nr 2.
Me som bur i lengst nord i Sveio, vil uansett nytta dei gode tilboda som finns på Stord. Som er vel 15 minutt køyring heimafrå, for å nytte eit forståeleg begrep.
For det er vel ikkje slik at det er sentrumsnære næringsinteresser som skal leggje føringar for helsetilbod og infrastruktur i Sveio kommune? Er del vel?
Lukka til med samtalane med Haugesund om denne saka.

Brigt Ottar Valen
Nesjabu

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags