Om å prioritera

Av
DEL

LeserbrevAlle kan vel vara einige om at det ikkje er pengar i samfunnet til å gjera alle gode ting på ein gong. Difor må ein prøva å gjera dei viktigaste tinga først. Dette gjeld også innan vegbygging.


Me les år etter år at etterslep på vedlikehald aukar med mange millionar kvart år, og ingen veit sikkert kor mange milliardar etterslepet er på. Likevel set dei som bestemmer, og bevilgar pengar til store «prestisjeprosjekt», kor dei braverar med «verdas største, verdas lengste, verdas djupaste og verdas ditt og datt».


Imens er forfallet stort på eksisterande vegar, og det som kallast Europavegar kor det køyrer fleire hundre trailerar i døgnet, ser ut som ein grendeveg. Og dette er ikkje det verste. Kva med dei som må senda borna sine på skulen på rasfarlege vegar, eller pendla til og frå arbeid i allslags vær, og lurer på når neste ras kjem? E 16 mellom Bergen og Voss kan godt kallast for Europas farlegaste veg, så har ein noko å skryta av der og.


Mange hevdar at Rogfast og Hordfast er så samfunnsøkonomisk lønnsame at ein berre må byggja dei. Direktørane i alle Næringsforeningane er vel nærmast forplikta å vara einige i dette, for det er økonomi, effektivitet, og konkurranse som gjeld. Skal tru om lønnsemda vert så stor, om ein tek med kor mykje dyrare etterslepet blir når det ein gong i framtida må gjerast noko med eksisterande vegar?


Dessutan er det ein del andre ting det må takast omsyn til når våre felles midlar skal fordelast. Ein kan forventa at personar som sit i Regjeringa sitt Ekspertutval hadde «antennene» meir retta mot distrikta. Kanskje ville dei då hatt eit anna syn på prioriteringane.
Av og til vert ordet livskvalitet nemnd. Dette inneheld mange ting, blant anna at ein kan senda borna til skulen utan å tenka «kjem det ras i dag eller ein annan dag? Eller å køyra med opne vindauge i bilen for å lytta etter ukjende lydar når ein skal til eller frå arbeid». Det har vel meir med livskvalitet å gjera, enn om ein kan køyra motorveg mellom Stavanger og Bergen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags