Øvste pensjonsalder er for rigid

Torkel som er aktiv i KrFU vil sjå på moglegheita for meir fleksible pensjonsordningar

Torkel som er aktiv i KrFU vil sjå på moglegheita for meir fleksible pensjonsordningar Foto:

Av
DEL

LeserbrevI dag er det vanskeleg å jobbe i offentleg sektor etter å ha fylt 67 år. Etter det vil det bli mindre og mindre lønnsamt å jobbe og endeleg stopp er på 70 år. Samtidig ser me at stadig fleire eldre blir pressa ut av jobben.
I Noreg har med ein aldrande befolkning, dette har ført til at sysselsettingsandelen frå 2003 til 2017 gjekk ned med 2,7 prosentpoeng, i alderen 20—74 år (ifølge SSB). Nå oppleve me på nært hold «eldrebølga» sitt preg på økonomien og sysselsettinga vår. Samfunnet er avhengig av folk blir i arbeid lengst mogleg, då kan me ikkje ha rigide pensjonsordningar som sløse arbeidskraft, det gjeld spesielt i offentleg sektor. Eg har for eksempel kjennskap til enkelte lærarar som i deira auge var arbeidsdyktige til å jobbe lenger, men ikkje fekk moglegheit til det. Eg trur me må kunne utforske meir fleksible pensjonsordningar, der me tek hand om dei som vil jobbe, og gjer det lønnsamt å arbeide lenger. Mitt forslag er for eksempel at i mindre fysisk-krevjande jobbar kan ein utføre ein årleg helsesjekk der ein kan avgjere sjølv i samtale med lege og arbeidsgjevar om ein ennå er arbeidsdyktig, i staden for ei fast årleg grense. Fordelen med slike pensjonsordningar er at me ser an situasjonen og ikkje tvinge vekk brukbar arbeidskraft, som me treng spesielt i tidene framover.

Me ser framover mot ein «eldrebølge» der større del av samfunnet treng tenestetilbod og dermed ikkje er i stand til å jobbe, derfor er tilrettelegging for høgare pensjonsalder ein nødvendigheit. Det er bra for samfunnsøkonomien med pensjonsordningar som gjer at folk kan jobbe lengre og dermed fortsette å bidra inn i samfunnet.
Jobben er ein stor del av livet til mange. Forutan om pengar i lommeboka kan det å ha ein jobb gje oss identitet, eit fellesskap og kan vere betydingsfullt for den psykiske helsa vår. Det er ikkje sikkert at alle er klar for å gje dette frå seg. Kva tener samfunnet på ordningar som jagar vekk brukbar arbeidskraft? Det er eit rimeleg spørsmål å stille seg. Spesielt når det gjeld eitt så bredt spekter av ulike jobbar, og dei jobbane har ulike føresetnader for vidare arbeid.
Det er også nødvendig å få sagt tydeleg at dette ikkje handlar om at staten skal tvinge nokon til å jobbe utover eigen vilje eller evne. Me må legge til rette for at ein skal kunne jobbe så lenge som mogleg fordi eit fungerande samfunn og ein handlekraftig samfunnsøkonomi trenger det.

Det å gjere pensjonsordninga mindre rigid vil hjelpe samfunnsøkonomien, det vil ta høgde for alle faktorane rundt ulike enkeltpersonar i ulikt arbeid, og det vil hjelpe dei som vil jobbe lenger og har moglegheit til det. Tida for å tvinge vekk brukbar arbeidskraft er forbi, nå må me sjå heile biletet, og få på plass mindre rigide pensjonsordningar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags