Russen er vår framtid, heldigvis.

Av
DEL

LeserbrevTil Sigurd O. Larsen:

Eg kjenner behov for å presentere den russen eg kjenner: idealistisk, oppteken av miljø, rettferd og menneskerettar. Iblant prøver dei å «oppdra» oss vaksne, fordi dei er oppteken av likskap og fellesskap, og kan til tider oppleve at me «vaksne» er litt egoistiske.

Nei dei gir ikkje blaffen. Dei fleste har vore pliktoppfyllande, ofra ordinær russetid til fordel for ein ven og to. Knapt samla seg til fest, men derimot samla seg på parkeringsplassar i kvar sin bil, for å ha fellesskap. Sjølvsagt skulle følgje reglane, me har alle hatt ansvar å fylle i denne tida.

Russen har stort sett følgt beskjedar denne våren, men 17. mai helga tok dei seg ut. Då tenker eg at det er på sin plass å takke for ansvaret dei har teke i koronatida, forhalde seg til at det glapp litt 17. mai helga, og be dei vise ansvar vidare.

Ifht fest og forsøpling er det alltid slik at dei bør rydde etter seg, ung eller vaksen. Skulle berre mangle. Men så går me vidare, trygg på at me har flotte ungdomar med oss.

Mvh stolt russemor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags