Nei til lekser i den vidaregåande skulen

Av
DEL

LeserbrevLekser har vert ein del av den norske skulen i lang tid. Formålet med lekser er at ein skal hugse betre det ein har lært på skulen og repetere det. Sjølv om lekser har ein del positive sider ved dei, finst det mange argument mot obligatoriske lekser i den vidaregåande skulen.

Eitt av hovudargumenta mot lekser er at mange elevar er slitne etter ein lang skuledag. Om ein vel studiespesialisering, er skuledagane allereie sju timar lange. For skuleelevar som tar buss til skulen, kan dette vere ni effektive timar som går til skulearbeidet. Når ein i tillegg har obligatoriske lekser, mål eller innleveringar, kan det bli for mykje for enkelte elevar. Dette skaper eit evigvarande press på skuleelevar, og dei kan føle at dei aldri har fritid. Når skuleelevar ikkje lenger får kontrastar i kvardagen, fordi det er så mykje lekser og høge krav, får dei heller inga glede. Det kan kjennest som at alt berre dundrar på vidare, mens det er vanskeleg å holde hovudet over vatn.

Eg er sjølv elev i vidaregåande skule og kan seie av erfaring at i dagens skulesystem blir ein målt på grunnlag av resultat. Når fokuset heile tida er å få best mogleg resultat, kan ein få tunellsyn og det kan vere vanskeleg å zoome ut og sjå omstenda frå ei anna vinkling. Når ein er opptatt av rette svar og gode resultat, kan det i mange samanhengar bety å skrive rett av læreboka eller ein kompis eller ei venninne. Slike handlingar tar bort fokus frå det som burde vere det viktigaste, nemleg å lære stoffet ein jobbar med.

Eit anna argument er at ungdom som er for opphengt i å få resultat, kan skade sine egne moglegheiter til å finne seg sjølv. Det går så mykje tid og krefter til skulearbeidet at ein ikkje har tid til fritidsaktivitetar eller å roe ned. Dei som gjer alle leksene, og gjerne held eit høgt nivå på skulearbeidet, er ofte dei som jobbar mest. Dei har klare målsetningar og veit ofte kva dei vil bli. På motsett ende av skalaen finn vi dei som bruker tid på å lære å kjenne seg sjølv. Ei utruleg viktig eigenskap. Likevel blir desse elevane sett ned på fordi dei brukar tid på å lære om seg sjølv, i staden for å repetere tema dei veit dei ikkje kjem til å dra nytte av seinare.

Eg meiner at viss ein likevel skulle ha lekser for elevar i den vidaregåande skulen, til tross for alt som er nemnt, burde leksene bli tilrettelagt for kvar enkelt elev, og eleven sjølv bør få vere med å bestemme kva han eller hun skal legge ekstra vekt på. Lekser i grunnskolen kan vere ein positiv ordning, men elevar på vidaregåande skule bør få ta det valet sjølv. Viss ein bedømmer ein fisk ut i frå evna til å klatre i eit tre, vil den leve heile livet sitt i trua på at den er dum. Eg meiner at systemet bør bli revurdert, for nokon gonger må ein ta eitt steg tilbake for å ta to steg fram.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags