Vi spelar alle på lag for havvind

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er flott å sjå at Næringsforreiningane langs kysten vår står saman om viktige prosjekt og satsingar for vestlandet. Det har dei gjort for ferjefri E39 eit prosjekt som vil bety svært mykje spesielt for næringslivet på vestlandet. No står dei også opp og talar varmt for ei satsing på havvind.

Havvind har også politisk vind i segla. Samtlege parti på Stortinget ønskjer denne industrisatsinga, og at det er spesielt innan flytande havvind Noreg kan ta ein viktig marknadsposisjon i åra som kjem. NHO sin rapport om grøne elektriske verdikjeder viser at norske industriverksemder med sin kompetanse og teknologi har gode føresetnad for å kunne konkurrere på internasjonale marknader.

Bransjen jobbar godt, og det har skjedd mykje på relativt kort tid. For kort tid sidan kunne vi lese i Dagens Næringsliv at Noreg er i ferd med å verte Europa sin fornybarhovudstad. Aldri før har fleire forybarselskap teke vegen til Oslo Børs, og verdien på grøne børsnoterte selskap stig mykje fortare enn andre aksjar.

I august vart det lyst ut eit nytt forskningssenter for miljøvennleg energi innan havvind. Her vil det bli ei satsing på 120 mill. over 8 år. I september gjekk startsskotet for det prosjektet som skal sjå på utvikling av norske leveransemodeller innan havvind, eit prosjekt som vert leia av Norsk Industri og som vert støtta av regjeringa med 10 mill.

Ein har nytta verkemiddelapparat til å løfte fram prosjekt, og ein har gått frå Hywind enkelt mølle som ligg utanfor Karmøy, til fem møller utanfor Scotland, og no skal ein i gong med Hywind Tampen, 11 møller som gjennom Enova har fått betydeleg støtte (2,3 mrd.) for å bli realisert. Der sette ein i gong brenning av stål på Kværner Stord i starten av oktober.

Flytande havvind vil bidra til jobb, aktivitet og verdiskaping – og vi skal konkurrere globalt. Dei store marknadane for vindkraft finn vi i andre land der kraftprisane er høgare og alternativa på land for dårlegare enn dei vi finn i Noreg. Det er no i framhaldet viktig å utvikle teknologi og redusere kostnadane for flytande havvind. Dette er eit av hovudmåla for regjeringa – utbygging av fornybar energi skal vera lønsam. Og til sist, men ikkje minst – utvikling av havvind må gje oss meir kunnskap. For det blir svært viktig å greie denne utviklinga i tett sameksistens med dei ulike havnæringane og fiskeriinteresser. Vi treng eit utstillingsvindauga for teknologien vår, ein heimemarknad som viser vår kompetanse og kunnskap kring havvind. Difor har vi også no opna to område for havvind.

På tysdag var det ein stor konferanse i Oslo der det vart lagt fram ein rapport frå analysebyrået Menon som peika på kva verkemiddel som kunne vera aktuelle for den vidare utviklinga. Her er det fleire vegar til målet. Det som no er viktig er at ein politisk og saman med næringa, stakar ut den rette kursen som skaper incentiv til å få i gang utviklinga. Og då er det viktig å få med seg den underskogen av små og mellomstore bedrifter som etter kvart kan profittere på geniale løysingar som er utvikla gjennom katapultsenter og testfasilitetar. Parallelt vert det viktig å støtte opp om vidare forsking, teknologiutvikling og internasjonalisering. Energi21 er vår nasjonale strategi på desse områda, der ein har bevilga over 500 mill. dei siste ti åra. Dette inkluderer to eigne forskningssentre. Havvforskingsinstituttet har også blitt styrka med stillingar for nettopp å forske på verknadane slike konstruksjonar i havet vil gje for fisk og dyreliv. Giek har berre det siste året stilt garantiar for fire milliardar knytt til internasjonale havvindkontraktar, og ikkje minst er Norwep ein viktig bidragsytar til arbeidet energibedriftene våre gjer ute i verden.

Gode Næringsråd langs kysten; la det ikkje vera tvil om at denne regjeringa ønskjer å legge til rette for satsing på havvind. Men det er viktig at vi gjer det i rett tempo, med dei rette verkemidla og saman med næringa. Her spelar vi alle på lag.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken