I desse dagar er straumprisen rekordhøg. Samstundes les vi stadig om mangel på kraft til nye industriprosjekt på land, med anna på NRK denne helga. Det å løyse energiflokane vert ei av dei viktigaste oppgåvene for ei ny regjering.

Førre veke fekk landet ei ny regjering. Den skal no ha handa på rattet i ei tid der Noreg står midt i omstillinga og skipinga av nye grøne arbeidsplassar. Felles for svært mange av desse grøne arbeidsplassane er at dei vil krevja fornybar kraft. Mykje fornybar kraft. For den nye regjeringa og olje- og energiminister Marte Mjøs Persen vil ei lang rekkje krevjande energisaker stå i kø.

I Noreg er debattnivået kring energispørsmål høgt. Det er få saker som får temperaturen opp som straumkablar, vindkraft og nettleige. For å nemne noko. Utviklinga og framskrivingane for kraftbehov i åra som kjem peikar i retning av at det vil verta mange krevjande debattar også i åra framover. Eg trur ei ny regjering difor bør ha som målsetjing å bidra til at vi får eit betre debattklima kring desse viktige spørsmåla. Det vil etter mitt syn vera naudsynt om ein skal lukkast med å finna gode løysingar som står seg over tid, og som har legitimitet i befolkninga.

I Hurdalsplattforma varslar den nye regjeringa at dei skal setja ned ein energikommisjon. Den skal kartleggje energibehov og kome med framlegg til ny energiproduksjon. Samstundes varslar dei at dei vil kome med ein samla plan for utbygging av energi- og infrastrukturutbyggingar som krev konsesjon. Begge deler er truleg gode grep, for å sikre ei meir heilskapleg tilnærming, og for å kunne løysa fleire av flokane på eit konfliktfylt felt.

Eit anna område som har vore mykje omtala, ikkje minst i medier på Vestlandet, er spørsmålet om tilgang på kraft og utbygging av infrastruktur for å flytte kraft. Også på dette området gjev Hurdalsplattforma grunn til optimisme. Regjeringa varslar at dei skal «sørge for at staten tar et ansvar for å få på plass infrastruktur der den trengs, og når den trengs, herunder at kapasiteten i strømnettet forsterkes i hele landet, og at konsesjonsbehandlingstiden kortes ned».

Kva dette konkret vil bety står framleis att å sjå, men det er liten tvil om at det også i denne setninga ligg flokar som den nye regjeringa må løysa. I kva grad den nye regjeringa lukkast med å løyse desse flokane vil vera viktige måleparameter for deira arbeid.