↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

53 77 07 00

Besøksadresse

Sentrum
5593 SKÅNEVIK
  1. Beskrivelse

Velkommen til verdas fyrste hotell der alt handlar om å vera til stades her og no.
Vårt mål er at du skal reise frå oss med ei kjensle av å ha vore i augneblinken,anten opphaldet ditt er fylt med ro og fred eller fart og spenning.

Rett blikket mot vest, nyt synet av ope kystlandskap - og draum deg vekk.
Havet aldeles reint, blågrønt og innbydande utanfor restaurantvindauga. Rett bak oss - skogkledte åsar som strekjer seg mot himmelen. Det glir over i majestetiske snaufjell - høgt, høgt der oppe over tregrensa. Kontrastar og naturgitt villmarksvariasjon - frå fjord til fjell.
Skånevik er perfekt for rolige turar langs merka stiar eller meir krevande toppturar der belønninga for strevet er fantastisk utsikt over kyst og fonn, skog, fjord og fjell. Frå stranda i Skånevik og vest; fjord, øyer og fjell så langt auga kan sjå.

Om du ønskjer avslapping, er vårt hotell ein god stad å komme til. Du kan bruke tid i fjordspaet vårt, nyte matopplevingar i restauranten, og slappe av i baren eller peisestova.
Om sommaren er vår store, nydelege hotellhag fylt med leik og moro - eller kanskje strandkos på den idylliske badeøya Peparen kan freiste?
 
Skånevik Fjordhotel består av eit samanhengande hovudbygg i to etasjer, og hotellet har 51 rom med til saman 115 sengeplassar.
I fyrste etasje finn du resepsjonen, restauranten, baren og kjøkkenet. Her ligg dessutan konferansesalane våre; Skåno, Peparen og Møterom Vest, Peisestua - samt diverse andre fasilitetar for kos og hygge - som til dømes dansegolv og scene til bruk i forbindelse med konsertar eller øvrige arrangementer.

Kaféen vår, Englatrollets Hjerterom, ligg også på gateplan - og her serverer me mellom anna vår berømte pizza som me lagar på ekte italiensk vis i steinovn. Spesielt populær er uteserveringa på sommaren: Utanfor kaféen har me nemleg ein stor terrasse med bord og sitjeplassar, der gjestene nyt mat og drikke med nydeleg utsikt over fjorden.

Ønskjer du å nytte wifi, kan du fritt bruke det i heile hotellet, både på romma, og i fellesareala.
I underetasjen ligg vårt fjordspa med fleire massasje- og velværerom. Me har dyktige terapeuter som tilbyr ulike behandlingsteknikkar.

Her på fjordhotellet synes me at rommet ditt skal og bør vera noko meir enn ein soveplass.
Det skal også vera ein koseleg oase å trekkje seg tilbake for ro, avslapping og ei stille stund.

Ekte opplevingar
- drikk bålkaffi i Villmarksleiren, sjå Vestlandsnaturen frå dekk på seglskuta Seladon, og nyt lokal, smaksrik mat på Skånevik Fjordhotel
 
Skånevik Fjordhotel har eit samarbeid med seglskuta Seladon og villmarksleiren Skånevik Naturoppleving - der me skreddarsyr pakkar for alle som ønskjer ei nydeleg oppleving i vill vestlandsnatur.
Me lagar gjerne eit opplegg for lagbyggjing i di bedrift - eller for deg som ønskjer ei litt annleis bursdagsfeiring, jubileumsfest, utdrikningslag, o.l.

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale - ring 537 70 700!

Se menyen her!

Les mer om FjordSPA