↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

53 40 25 00

Besøksadresse

Kjøtteinsveien 67
5411 STORD
  1. Beskrivelse

Velkommen til Stord Hotell!

Stord Hotell er eit fullservicehotell som ligg i hjarta av Sunnhordland - midt mellom Bergen og Stavanger. Hos oss er det kort avstand til alt det Sunnhordland kan by på av spanande natur og kultur. I tillegg ligg me sentralt i høve til ei rek­kje bedrifter, samt Høgskulen Stord/Haugesund.
Hos oss finn du moderne kurs- og konferanse­fasilitetar, flotte selskapslokale, eit kreativt og spanande kjøkken og komfortable rom. Hotellet er difor ein utmerka stad for både konfer­anse-, forretnings- og fritidsgjester.
Når du er gjest hos oss ynskjer me at du skal oppleva ei ven­leg og avslappa atmosfære ved hotellet. Me legg alt til rette for at du skal trivast og ha ei vellukka stund her hos oss.


Hotellrom
I eit av våre 161 romlege og velutstyrte rom kan du verkeleg slappe av, la tankane kvila og finne roa. Romma har varierande storleik, standard og pris. Alle rom har flislagde bad, skrivebord med arbeidslys, tv, telefon, hårfønar og trådlaust internett. Alle rom er minst 21 kvadratmeter store, og fleire er utstyrt med eiga sitjegruppe. Me har og fleire rom tilpassa allergikarar, samt 6 rom som er spesialtilpassa funksjonshemma. Alle hotellromma våre er røykfrie.


Kurs & Konferanse
Stord Hotell har det som trengst for vellukka kurs og konferansar. Me har 10 fleksible og godt utstyrte møtelokaler i ulike storleikar fordelt på over 950 m². Anten du planlegg eit personleg møte for to, eller ein stor konferanse for 280 deltakarar, så er Stord Hotell staden for ditt neste møte.
Dei fleksible møteromma har gode planløysningar og er utstyrte med alt du treng av tekniske fasilitetar. Her er alt tilrettelagt for ei profesjonell gjennomføring. Hotellet sine hyggelege og erfarne medarbeidarar er sjølvsagt tilgjengelege heile tida og gjer sitt aller beste for at kurset eller konferansen vert inspirerande. Vårt mål er å gjera våre konferansegjester så nøgde som råd er. Uansett kva type konferanse du er ute etter; me kjem opp med ei god løysing!
I løpet av kurset eller konferansen har våre gjester tilgang til ferskbrygga kaffi, te og vatn. Vårt store og smakfulle lunsjbord har eit stort utval av kalde kjøt-, fiske- og skalldyrrettar, salatar og dressingar samt fleire varmrettar, dessertbord, kaffi og te.
Det faglege innhaldet står de for sjølve, men resten kan me ta oss av. Om ynskjeleg kan me sørgje for heile planlegginga av ditt arrangement, og ordne alt frå transport til opphald, aktivitetar og utflukter. Saman med våre samarbeidspartnarar kan me tilby eit vell av aktivitetar utanfor hotellet sine veggar. Havrafting, leirdueskyting, båtturar, golf og omvising i kunstgalleri er berre nokre døme på dei spanande aktivitetane Sunnhordlandsregionen har å by på. Her på hotellet kan me i vinkjellaren arrangere ei triveleg stund med vin- eller congacsmaking før middagen vert servert om de ynskjer eit avbrekk i møteverksemda.
Beliggenheten, topp mat og lang erfaring som vertskap er nokre av årsakene til at gjestene våre stadig vender tilbake.


Selskap
Stord Hotell har lang erfaring med alle typar selskapelegheiter, frå dåp og konfirmasjon, til bryllaup og jubileum. Me har fleire ulike selskapslokale, som passar til både små og store arrangement med inntil 200 gjester.
Våre dyktige og serviceinnstilte medarbeidarar hjelper deg med planlegginga, og skreddarsyr etter dykkar ynskje slik at dagen vert eit hyggjeleg minne å sjå tilbake på. Me tek vertskapsrolla på alvor, og lovar deg og dine gjester vår fulle merksemd. Hos oss får du den gode atmosfæren og vårt mål er å alltid yte best mogleg for at ditt selskap skal bli vellukka.


Stord Hotell Catering
Stord Hotell leverer gode og velsmakande rettar til ditt selskap eller arrangement. Me har eit rikhaldig utval av cateringrettar av høg kvalitet tilberedt av våre flinke kokkar. Her er det mykje å velje mellom, uansett kva type tilstelling du planlegg. På menyen har me mellom anna smørbrød, tapas, koldtbord, varmrettar og heimelaga kaker.
La deg friste av vår nye cateringmeny. Her finn du fleire nyheiter som koldtallerken, 3-rettars selskapsmenyar og meksikansk buffet.


Mat & Drikke
Gode matopplevingar er viktige for hotellet og me er stolte av å servera deg mat som hovudsakleg er basert på råvarer frå vår region. Våre dyktige kokkar nyttar seg av sesongens råvarer når dei er på sitt beste, og legg si stoltheit i å gi deg spanande og gode smaksopplevingar - både til kvardag og fest. I restauranten er det plass til 200 gjester og me tek imot både små og store grupper som ynskjer å ete hos oss.
Lobbybaren er den naturlege møtestaden på Stord Hotell, og her kan du møte vener og kollegaer for å slappe av med noko godt å drikke. På kveldstid er det god stemning i Bonaparte Pianobar og mange trekker inn her for å fortsetje praten når pianisten startar opp med stemningsfull musikk.