↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

406 25 350

Besøksadresse

Bjoavegen 11
5582 ØLENSVÅG
  1. Beskrivelse

Fyringsglede.
Å sjå på lyset frå flammane og kjenne strålevarmen frå eldstadar er ein bit av det gode liv.
Med bakgrunn i nokre aha-opplevingar som feiar, der eg har sett eit mønster i behov, vil eg tilby kurs i korleis ein kan fyre godt og trygt.
Som barn var vi mykje i skogen og frå 12 års alderen tok eg ut min første ved. Veden blei hogd med øks og frakta heim med traktoren på småbruket, ein Shibaura SU 1540 4x4. Nokre år seinare vart skogbruk på landbruksskulen eit favorittfag.
Interessa for funksjonane til ein eldstad har vakse seg til etter kvart. Å fyre rett og godt er til glede og nytte. Skal vi lykkast med fyringa treng vi kunnskap. Kunnskap om ved og korleis ein skal behandle ved er det viktigaste du sjølv kan tileigne deg. Ein av mine kundar sa ein gong eg hadde fyrt opp i eldstaden hans: «Dette trudde eg ikkje var mogleg». Å tileigne seg den kunnskapen på eit kurs har vist seg å vere det beste, sjølv om du har fyrt i mange år tidligere eller er ny som fyrbøtar.

- Knut Sigve Lillemo -

Føredrag og kurs: Trygg bruk av eldstad
«Eg trudde ikkje dette var mogleg», er ei tilbakemelding eg ofte får når eg er ute på heimebesøk for å gi tips og råd om fyring.
Som fyringsmeister vil eg tenne gneista for fyringsglede hjå andre. Eg stiller gjerne med kurs og føredrag der eg tek for meg fyring, omn, ved, pipe og utstyr. Her har me fokus på hyggefaktoren, men sjølvsagt også tryggleik og gode fyringsvanar.
Kurset kan tilpassast ulike målgrupper, både for bedrifter og i privat samanheng. Ta kontakt for opplegg og pris.

Fyringsråd og heimebesøk
Ønskjer du tips og råd om korleis du skal få omnen/peisen din til å fungere, tek eg gjerne turen heim til deg for å sjå og teste ut eldstaden.
Då legg eg opp til at me tek oss tid til å fyre opp med tørr og god ved.
Tid: Ca 2 t hos deg

Peis og piper
Eg murer, monterer og rehabiliterer peisar og piper.
Ta kontakt for rehabilitering av piper i gamle hus eller montering av ny eldstad.