↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

52 78 54 00

Besøksadresse

Treaskjæret
4200 SAUDA
  1. Beskrivelse

Brødrene Selvik AS er ei allsidig entreprenørbedrift innan bygg og anlegg frå Sauda i Ryfylke. Me er 43 tilsette og tilbyr tenester innan bygg og betong, blandeverk, grunnarbeid, sandtak og verkstad. Brødrene Selvik AS er gjerne hovud-entreprenør på store byggeprosjekt som til dømes næringsbygg, skular, vegar og bruer, og gir gratis råd og pristilbod. Me har 50 års erfaring i faget, og hjå oss er ingen oppdrag for store eller små!

 

Bygg og betong
Me kan utføra allsidige bygge- og betongarbeid, frå oppføring av tropper, forstøtningsmurar og garasjar, til større konstruksjonar som bruer, demningar og skular. Vidare påtar me oss montering av betongelement og støyping av plattingar og golv, gjerne og med mønster.

Blandeverk
Me har i tilllegg til ferdigbetong også betongpumpe og leverer dei fleste stader du måtte ønskja. Til enklare og mindre arbeid har me også spruteutstyr som kan brukast til murar, tunnelveggar og liknande.

Grunnarbeid
Me kan grava ut tomter for hytter, hus og garasjar, og utfører alt av grøfte- og vegarbeid. Ring og spør om vurdering og pristilbod på ditt oppdrag. Fjellsprengning om det så er heilt inntil husveggen ordnar me! Treng du tilkjørt singel matjord eller liknande så ordner med dette. Me har moderne utstyr og ingeniørkompetanse for utstikking av tomtegrenser.

Sandtak
Brødrene Selvik AS har grustak på Kastfoss/Birkeland med gode naturførekomstar av massar. Me produserer grus, pukk, sand og betongtilslag i grustaket, og me levere alle typar av sand, grus og pukk. I tillegg siktar me jord slik at denne er stein og torvfri til bed og plenar. I tida med kraftutbygging i Sauda har det særleg vore store leveransar tilslag til blandeverket. Med mobilt utstyr kan me gjera knuse- og sikteoppdrag også utanfor grustaket.

Verkstad
Med stor drift og tungt mobilt utstyr vert det ofte behov for å rykka ut og foreta reparasjonar. Me produserer blant anna eigne forskalingssystem i stål, men tar og meir ordinære mekaniske oppdrag av ein viss størrelse.