På vegen heimover til Odda etter folkemøtet på Etnemarknaden, måtte eg ta ein stopp og tenkjepause ved Langfoss i Åkrafjorden Landskapspark. På folkemøtet i Skakkesenteret sist fredag vart det stilt spørsmål ved om det nytta å kjempe mot Statnett sine planlagte monstermaster gjennom urørt natur i Etnefjella.

For ein del år sidan ville kraftselskapa, kraftlobbyen og sterke politiske aktørar fleire gonger regulere Langfoss med eit totalt fall på 612 meter til kraft- og industriproduksjon. Dette store naturinngrepet vart forsvart med tap av industriarbeidsplassar i Sauda og manglande kraftalternativ.

Likevel reiste det seg eit sterkt folkeleg og livskraftig engasjement for å verne Langfoss. Mot /alle odds og sterke motkrefter, vart Langfoss til slutt redda. Industri- og kraftproduksjonen vart sikra på andre måtar.

På eit stort skilt ved Langfoss står det at mediagiganten CNN har kåra denne fossen til eit av dei ti vakraste fossefalla i verda. Mange turistar frå inn- og utland stoppar dagleg ved Langfoss eller opplever fossen frå skip innover Åkrafjorden.

Langfoss er blitt den framste turistattraksjonen i Etne og truleg i heile Sunnhordland/Haugalandsregionen. Fossen har og medverka til mange nye arbeidsplassar og berekraftig omdøme.

I dag er det truleg ikkje ein einaste politikar, verken på lokal- eller riksplan, som står oppreist og framleis hevdar at Langfoss burde vore ofra. Dei som eingong var framsynte nok og kjempa innbitt nok for naturen og berekraftige løysingar, redda til slutt Langfossen for komande generasjonar. Dei fortener i dag takk og honnør ! Det same kan igjen skje i kampen mot monstermaster i Etnefjella – for jord- og sjøkabel frå Blåfalli til Gismarvik!

Terje Kollbotn

Raudt, Ullensvang