Eg vart svært overraska då eg høyrde uttale om anten E 134 eller støtte til Ukraina. Me er nok alle innstilt på å hjelpa Ukraina, og har sjølvsagt ikkje noko mot det, men å stille dette opp mot ny tunnel og utbetring av hovudveg frå vest til aust, er rett og slett usmakeleg.

Fyrst vil eg nemne innsats frå lokale transportørar som har stilt opp med sjåførar og vogntog vederlagsfritt til å køyre hjelpesendingar. Det neste er vel ingen løyndom at dagens regjering ikkje er kjend for å styrka bistandsbudsjettet. Då bør ein kanskje finna pengar andre stader enn i vedtekne vegprosjekt.

Eg vil også ta med kva som vart vedteke i gjeldande NTP, ny tunnel Seljestad – Liamyrane, og dessutan pengar til oppstart av Bakka – Solheim i fyrste del av NTP. Dei partia som nå sit i regjering var høgast på banen i diskusjonen om desse prosjekta i NTP. Elles vil eg nemne at stortingspolitikarane Steinsland (H) og Halleland (FrP), omtala desse prosjekta som «gryteferdige » og regulert klar til å sette spaden i jorda.

Kor er dokke nå?

Ein annan klargjering er at ordførarar i kommunane langs E 134 stort sett er politisk heimehøyrande hjå regjeringspartia. Eg reknar med dokke tar tak i dette. Det nærmar seg vegkonferanse i Aksdal 31.05, her er bl.a. E 134 på dagsorden. Kan me få klar tale og svar på dette? Eller er det slik at transportnæring og lokale politikarar på nytt må leggja breisida til?