Gå til sidens hovedinnhold

Eg vil at du skal gjera det eg ber deg om

Til alle kommunestyrerepresentantar i Sveio kommune.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

DEBATT: Eg har eit ønskje. Det er kraftig. Men eg vil at du skal lytta til det.

Eg vil at du skal gjera det eg ber deg om. Eg vil at du skal stemma nei til nedlegging av skulane i Auklandshamn og Valestrand!

Det er vanskeleg å følgja argumentasjonen til dei som ønskjer å leggja ned skulane i Auklandshamn og Valestrand. Mykje av argumentasjonen byggjer på kva dei sjølv trur.

Under følgjer mine ti teser mot nedlegging. Desse vil eg spikra opp på kommunehusdøra i Sveio:

1. Bua-tesen:

Det viktigaste argumentet for å ikkje leggja ned, er at dei to bygdene sakte, men sikkert vil døy. Eg les at enkelte argumenterer for at etter at skulen på Bua blei nedlagd, har det gått så bra.

Grunnen til at det framleis er litt liv på Bua, skuldast berre enkeltindivid som sørgjer for aktivitet. Det er ingen naturleg møteplass lenger slik som skulen var, og Bua er diverre ikkje ein attraktiv plass for småbarnsforeldre å busetja seg.

2. Konkurransefortrinns-tesen

Sveio sitt fortrinn er bygdene – Sveio har ein klar geografisk konkurransefordel med sin lange kyst og sine mange bygder, kort avstand til Haugesund og Stord. Naturen er også noko mange potensielle innbyggjarar set pris på.

Politikarane er ansvarlege for å heva blikket og sjå kommunen i eit langsiktig perspektiv, leggja opp til gode og trygge oppvekstmiljø. Dette er moment som gjer det attraktivt å byggja og bu. Der er skulen viktig, og kommunen burde heller støtta opp om bygdene for å tiltrekkja seg fleire innbyggjarar.

3. Moralsk spagat-tesen

På valkampmøte i Valestrand i 2019 sa kommande ordførar Linn Therese Erve: «Skulestrukturen er ikkje tema for oss i AP i denne perioden, og det vil seia at me har ingen intensjon om å sjå på om me skal endra den strukturen.»

Ei direkte tolking og forståing av ordlyden kan ikkje for ein potensiell veljar tolkast på annan måte enn at AP i dei neste 4 åra vil freda grendeskulane. Moralsk spagat vil eg tru dei to «uavhengige» også føler seg i.

Dei har gått til val og stilt seg bak Høgre og deira valprogram. At dei vel å bryta ut av Høgre og stemma mot dette, er rett og slett umoralsk. Her burde dei alle gått i seg sjølv, uavhengig av kva dei sjølv meiner og stemt etter det programmet dei er valde inn for.

4. Opplæring og fagmiljø-tesen

At enkelte lærarar ønskjer seg større fagmiljø, kan ikkje tilleggjast vekt. Her må ein vektleggja barnet sitt beste. Når det blir argumentert for betre lærings- og sosialmiljø på større skular, kan eg ikkje sjå at AP refererer til nokon form for empiri.

Det blir berre konkludert at slik er det. Eg som har gått på Bua skule (og Sveio skule), vil seia at både læringsmessig og sosialt er det vel så bra på ein liten skule.

5. Økonomi-tesen

Estimert innsparing ved å leggja ned dei to skulane er samla anslått til 2,7 millionar pr. år. Dette talet er ikkje vesentleg og er i tillegg sannsynlegvis behefta stor uvisse.

6. Befolkningsvekst-tesen

Her ser me at AP argumenterer for nedlegging basert på «låg eller ingen vekst» i folketalet ved å visa til rapport frå Telemarksforskning. Basert på dette er det dei folkevalde si plikt å stimulera til vekst, ikkje motsett.

7. Polariseringstesen

Ved ei nedlegging trur eg diverre den spliden som kjem fram gjennom lesarinnlegg og sosiale medium, berre vil bli forsterka. Det vil vera få vinnarar. Taparane, i tillegg til dei som mister skulen sin, vil vera butikkar og næringsliv i Sveio sentrum. Samarbeidet i politikken mellom dei to fløyene trur eg vil vera svært lite konstruktivt og utviklande for Sveio.

8. Buss-tesen

Det er klart det er ein fordel å ha skulen nærast mogeleg der ein bur. Dette treng ein ikkje diskutera ytterlegare.

9. Pandemi-tesen

At dette blir gjennomført utan folkemøte og konstruktive samtalar over bordet, er svært uheldig.

10. Tvil-tesen

I straffesaker heiter det at «tvilen skal komma tiltalte til gode.» Det burde ein absolutt gjort i denne saka også. Til slutt- til alle kommunestyrerepresentantar i Sveio kommune – ver etterpåklok på førehand i denne saka. Med dette, kjære kommunestyrerepresentant, avsluttar eg med nokre ord frå Olav H. Hauge:

Dette er din veg

Berre du

Skal gå han. Og det er

Uråd å snu

Nils Konrad Bua, Sveio

Kommentarer til denne saken