Gå til sidens hovedinnhold

Jubel over 8 millionar i gåve

Artikkelen er over 4 år gammel

Trond Mohn og Bara Eiendom AS v/ Knut L. Galtung Døsvig har gitt Baroniet Rosendal fire millionar kroner kvar fordelt over fem år. Ved Baroniet Rosendal jublar dei.

[Kvinnheringen]: I ei pressemelding heiter det at gåva er øyremerka Rosendal Have, restaurering av Havehuset, Båt -og Vognhuset, Den Gamle Smie, steingardar, samt innreiing av velferdsavdeling og verkstad for hage- og jordbrukstilsette.

Med 2 millionar i gåveforsterkningsmidlar frå staten vil museet få totalt 10 millionar til restaurerings- og museumsutviklingsprosjekt.

– Gåva er øyremerka prosjekt i Baroniet Rosendal og vi jublar i stor takksemd over den kjærkomne og fantastiske gåva, som gjer det mogleg å bevara og videreutvikla det unike nasjonale kulturminnet mellom fjord, fonn, fjell og fossefall, seier direktør Anne Grethe Honerød i pressemeldinga.

Ho påpeikar at det er nettopp slike generøse gåver frå private støttespelarar som har vore sjølve grunnlaget for den positive utviklinga ved Baroniet Rosendal gjennom dei siste 20 åra. Bara Eiendom AS v/Knut L. Galtung Døsvig har i ei årrekkje støtta Baroniet Rosendal med store gåver til ei rekkje bevarings- og utviklingsprosjekt, mellom anna den omfattande rekonstruksjonen av kjøkken og urtehagen med drivhus, hagecafé og toalettanlegg.

Trond Mohn finansierte i 2011 eit lenge etterlengta parkeringsanlegg ved inngangen til Baroniet Rosendal.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Kommentarer til denne saken