Ein hyllest til straumnettet vårt

Lars Emil Berge

Lars Emil Berge Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Fantastiske moglegheiter ligg framfor oss om me spelar korta våre rett. Den endringa som no skjer innan energisektoren, der me skal over på meir og meir fornybar energi er spennande. I Noreg har me enorme fornybare ressursar som kan foredlast til varer som verda treng i årtider framover.

Landet vårt er velsigna med høge fjell og mykje vatn. Dette har framsynte forfedrar visst å nytta seg av, og bygd ut mykje fornybar vasskraft i mange tiår, og foredla den gjennom storstilt industrireising.

Me har bygd ut eit straumnett til kvar ein by og grend i landet, der elektronane er sett i arbeid til glede for deg og meg. Nettet og elektronane frå kraftproduksjonen har vore grunnlaget for industrireisinga me har hatt.

I mitt nærområde har me aluminiumsverket Hydro Husnes og i nabokommunar rundt oss har me industriplassar som Odda og Sauda. Ser me elles rundt oss i landet har me bygt opp mykje industri omkring kraftsentra i landet.

Oljeproduksjonen har gjort oss rike og velståande, men no er det viktig å førebu seg på ei tid då oljeproduksjonen vil minska, og inntektene frå denne sektoren vil bli mindre.

Ikkje noko næring kan erstatta olja i form av inntekter til AS Noreg, men om me ter oss riktig framover, kan me byggja opp ny framtidsretta kraftkrevjande industri i landet vårt i form av batteriproduksjon, hydrogenproduksjon, datasenter eller anna framtidsretta industri.

Bilane våre skal over på utsleppsfrie motorar, og treng batteri. Store båtar kan ikkje gå på batteri over store avstandar, og då blir hydrogen ein viktig energiberar til drift av båtane. Dette er energikrevjande.

Når me tek bilete og filmar med smarttelefonane våre, eller når avisene digitaliserer eldre avisutgåver, lagrar me desse dokumenta i «skya». Denne «skya» er store datasenter som treng mykje straum til kjøling. Av tryggleiksgrunnar er det viktig at også Noreg har slike datasenter sjølv. Desse prosessane er også energikrevjande.

Eg meiner at kraftproduksjonen er hjarta i samfunnet, men kva hadde eit hjarta vore utan blodårer. Kroppen vår brukar blodårene til å frakta blodet/energien ut i cellene våre slik at dei kan gjera arbeidet som trengs for at me skal leva og ha det bra. På same måte verkar straumnettet vårt. Me har hovudpulsårer som kan samanliknast med Statnett sitt sentralnett. Me veit alle kor alvorleg det er å kutta hovudpulsåra. Me har regionalnett og distribusjonsnett som kan samanliknast med dei mindre blodårane i kroppen. Når blodårene våre er i ferd med å gå tette, reiser me inn til sjukehuset og får blokka dei ut slik at dei kan frakta meir energi rundt i kroppen vår. På same måte er det når nettet ikkje klarar å få fram elektronane. Me må «blokka det ut» og gjera nettet større slik at me får fram meir elektrisitet slik at me kan skapa fleire arbeidsplassar.

Når Statkraft, BKK, Haugaland Kraft, Sunnhordaland Kraftlag eller andre kraftprodusentar produserer kraft i form av elektronar, er det viktig å få elektronane ut der dei gjer nytte for seg i form av å skapa arbeidsplassar som me skal leva av framover.

I framtida må me skapa mange nye arbeidsplassar som skal leggja grunnlag for framleis høg velferdsyting i Noreg. Desse arbeidsplassane som me skal skapa, treng mykje fornybar energi. Mange plassar i landet er ikkje straumnettet vårt stort nok til at me klarer å byggja denne industrien no. Nokre «hovudpulsårer» til må me framleis byggja. Eg meiner det difor er heilt avgjerande for framleis stor velferdsproduksjon i landet, at straumnettet vårt blir bygd ut og tilpassa den nye tida me ska inn i.

Lars Emil Berge

Styreleiar i Småkraftforeninga

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken