Elise og Stig sitt hus skal sveva over bakken

Det komande huset til Elise og Stig Sundal i Dimmelsvik vil garantert bli lagt merke til. – Dette er andre gongen vi bygger. Denne gongen skal vi ikkje inngå så mange kompromiss, smiler dei.