ETNE: Han skriv på Facebook at «me har hatt det litt tøft akkurat no i familien. Difor er eg nøydd til å prioritera andre ting enn politikk i næraste framtid».

Han legg imidlertid til at han planlegg å koma tilbake med fornya energi over nyåret.

Etter ein valteknisk avtale mellom Sp, Frp, KrF, Høgre og Venstre i Etne kommunestyre har Frp rett på varaordførarvervet. Og det står i avtalen at ved lengre fråvær, skal ny varaordførar veljast frå same parti.

Men Trude Enge og dei andre i Frp-gruppa i Etne har vald ikkje å seia noko offentleg om kven som skal overta.

– Me vil ha ro om denne saka. Me har hatt møte med dei andre samarbeidspartia og me har hatt gruppemøte og styremøte i Etne Frp, og me har ein kandidat. Men kven det er, vil me ikkje gå ut med før på kommunestyremøtet tysdag.

– Kvifor ikkje? Som eg seier, me vil ha ro om saka.

Etne Frp har fire medlemmer av 17 i Etne kommunestyre. Roger Tendal rykkjer opp frå varaplass i Kenneth Karlsens fråvær.

Dei tre andre er Johannes Kringlebotten, Trude Enge og Renate Sævareid.