Harrys Gym er historie

Anne Lise Frøkedal, Bjarne Stensli, Erlend Ringseth og Ole Myrvold går kvar til sitt.

Anne Lise Frøkedal, Bjarne Stensli, Erlend Ringseth og Ole Myrvold går kvar til sitt. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

"Det er blitt stadig vanskelegare for oss å jobbe mot same mål."

DEL

MUSIKK: Harrys Gym takkar for seg. Det går fram av ei melding gruppa ha lagt ut på sine facebooksider.

Kjære du som har lytta, du som kom på konsert og du som jobba for at det skulle vere mogleg for Harrys Gym å nå ut til folk med mørk popmusikk med introverte tekstar:

Me gir oss i dag. Takk for deg og takk for nå.

Harrys Gym har vakse opp på same turnébuss, og oppløysinga er ikkje lettvint for den litle familien som me trass alt er. Men sidan det er blitt stadig vanskelegare for oss å jobbe mot same mål, er det på høg tid at me lausriv oss frå eit prosjekt som sannsynlegvis har gitt oss meir lykke og frustrasjon enn noko anna me har drive med.

Me har bestemt oss for ikkje å halde avskjedskonsert. Litt fordi det kjendest som om det har gått inflasjon i slike konsertar den siste tida. Men mest fordi eit sentimentalt farvel sjeldan blir eit musikalsk høgdepunkt – og det er dei me alltid har drøymt om.

Me kjem heller til å gjere det me kollektivt sett er best til, nemlig lage ein fest. Ein fest for Harrys Gym og for venner, kjente og andre som ønskjer å feire det som ein gong var.

Alle fire kjem til å halde fram med musikk på kvar sine vis, så me snakkast der ute!

kjærleik,

Anne Lise Bjarne Erlend Ole”

Harrys Gym, som er ei forlenging av Dharma som vart til i 2002, har gjeve ut to CD-ar. I 2008 kom "Harrys Gym" på Hype City Recordings. Deretter signerte bandet for Universial og i 2010 kom "What Was Ours Can´t Be Yours". Albumet fekk særs gode kritikkar - mellom anna ein femmer i Haugesunds Avis.

Anne Lise Frøkedal frå Etne har vore vokalist og frontfigur. Med seg har ho hatt Bjarne Stensli, Erlend Ringseth og Ole Myrvold.

LES OGSÅ: BLIR ALDRI HARRY

Harrys Gym "Attic" Live from Sentrum Scene 2009

Harrys Gym | Myspace Music Videos

Artikkeltags