Kasta seg i elva og berga fangsten

Haugesunds Avis´journalist Ellen Marie Hagevik satte personlig rekord da hun dro på land denne laksen.

Haugesunds Avis´journalist Ellen Marie Hagevik satte personlig rekord da hun dro på land denne laksen. Foto:

Av

Kollega Ellen Marie Hagevik sikra oss bilder av dei første store laksane i Etneelva i natt. Timar etterpå tok ho den største sjølv.

DEL

Slå til nå: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

ETNE: I natt starta laksefisket i Etne-elva. Den første laksen blei tatt 01.42 av Alf-Tore Myking frå Etne. 4 kg og fetfinneklippa. Trond Veseth frå Haugesund fekk ein på 5,3 kg. Den største om natta tok Nils Haugen frå Etne. 8 kg og ikkje fettfinneklippa. Den har altså lurt seg forbi fangstfella.

Men så var det altså Ellen Marie Hagevik sin tur. I 20 minuttar kava ho med fangsten, som var nære ved å glippa da snøret slitna i ein stein. Fiskaren kasta seg i vatnet og berat laksen, som blei veid inn til hele 11,4 kilo. Den største til nå.

– Og personlig rekord! konstaterer den glade – fiskaren.
 

– Fella fungerer

Fisket i Etneelva starta ved midnatt natt til laurdag. Det blei fiska i 23 soner langs heile elva pluss i Sørelva. Oppslutnaden var om lag som tidlegare år.

– Spenninga er alltid stor i starten. Det blir som ein rus for entusiastane, seier Børretzen.

Dette året er han spesielt godt nøgd med at laksefella etter hans meining har fungert. Det bør føra til at kritikken frå skeptikarane nå bør stilna, meiner han.

– Det har blitt hevda at fella ville hindra laksen i å gå opp og at det ville hopa seg opp med fisk utanfor. Fredag ettermiddag var froskemenn frå Havforskningsinstituttet nede og konstaterte seks–sju fiskar utanfor fella. Dei gjekk gjennom i løpet av natta.

Kritikarane har vidare hevda at laksen som passerer fella og blir merka ved eit klipp i feittfinnen, ikkje ville vera villig til å bita etterpå. Også dette er motbevist i løpet av natta, meiner Børretzen.

– På den andre sida er det tatt fleire laksar som ikkje var merka og som altså har kome seg opp i elva utanom fella?

– Ja, og det er me klar over. Det er eit spørsmål om justering av fella, noko me kontinuerleg arbeider med.

Artikkeltags