Skånevik får betre veg

Dagens veg mellom Ytre Nes og inn til sjukeheimen i Skånevik

Dagens veg mellom Ytre Nes og inn til sjukeheimen i Skånevik

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

SKÅNEVIK: Statens vegvesen har fått pengar til å starta planlegging av betre veg, og sykkel- og gangveg, frå Skånevik til Ytre Nes på Fv 48 mellom Skånevik og Håland i Stordalen.

På denne strekninga, frå Skånevik omsorgssenter og utover heilt til Tungesvik, er fylkesvegen smal og kronglete.

Overingeniør Eva Sundal i Statens vegvesen seier til Haugesunds Avis at dei har fått pengar til planlegging av deler av strekninga Skånevik - Tungesvik. Det er ressursavdelinga i vegvesenet som nå startar arbeidet med ny veg frå sentrum til Ytre Nes. Sjølve vegen skal utvidast og det skal byggjast sykkel- og gangveg. Men utfordringane er store, her er både bratt og busetnad tett på den smale vegen. Ho kan ikkje seia når arbeidet med ny veg kjem i gang - til nå er det berre sett av pengar til sjølve planarbeidet.

Artikkeltags