Gå til sidens hovedinnhold

Falske flagg i Covid 19-debatten? Flagget er ekte

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg viser til Kjell Waages innlegg publisert 10/11.

Han meiner eg seglar under falskt flagg når eg signerer innlegget mitt som pensjonert intensivsjukepleiar. Vel – nå er det eit faktum at eg er pensjonert intensivsjukepleiar, så flagget er ekte.

Waage skriv at han har diskutert lege Huebners innlegg med fornuftige personar som har tolka innlegget på same måte som han.

Kva tolkning som er rett har Huebner sjølv gjort greie for i sitt innlegg «Hva er det som feiler vårt samfunn egentlig?»

Når det gjeld talet på smitta med Covid 19, er det interessant å lesa Folkehelseinstituttets vekerapportar. På side 22 i rapporten for veke 44 er det opplyst at talet på smitta personar er følgjande:

  • 1613 uvaksinerte.
  • 533 delvis vaksinerte.
  • 3822 fullvaksinerte.

Legg ein saman desse tala, finn ein at 5968 personar er smitta i veke 44. Med andre ord er 64 % fullvaksinerte, 9 % delvis vaksinerte og 27 % uvaksinerte smitta i veke 44.

Nå har Folkehelseinstituttet også ein annan måte å rekna ut smittetalet på: Insidens pr 100.000. I veke 44 såg insidensen pr 100.000 slik ut:

  • 366 smitta pr 100.000 uvaksinerte personar. Talet er basert på at det totalt er 440.641 uvaksinerte.
  • 533 smitta pr 100.000 delvis vaksinerte personar. Talet er basert på at det totalt er 194.693 delvis vaksinerte.
  • 101 smitta pr 100.000 fullvaksinerte personar. Talet er basert på at det totalt er 3.772.291 fullvaksinerte.

Dersom ein tolkar insidens pr 100.000 feil kan det sjå ut som at det er fleire uvaksinerte smitta enn fullvaksinerte. Det låge smittetalet pr 100.000 fullvaksinerte skuldast at det er fleire enn 3.700.000 fullvaksinerte. Det høge smittetalet pr 100.000 uvaksinerte skuldast at det er færre enn 441.000 uvaksinerte.

Fleirtalet av dei som vart smitta i veke 44 var fullvaksinerte. Dette reiser følgjande spørsmål:

Kan fullvaksinerte som er smitta med Covid 19 smitta andre?

Svaret er sjølvsagt ja. Fullvaksinerte som er smitta med Covid 19 kan smitta uvaksinerte, delvis vaksinerte og fullvaksinerte.

Eit anna spørsmål som reiser seg er:

Kan ein uvaksinert som ikkje er smitta ned Covid 19 smitta andre?

Svaret er sjølvsagt nei. Men når ein les i ulike media får ein inntrykk av at det er dei uvaksinerte som er skuld i at smitten aukar og at dei difor må vaksinera seg.

Kva om smitten aukar fordi det blant oss er så mange uansvarlege fullvaksinerte som trur at nå er pandemien over og at det ikkje lenger er nødvendig å vaska/sprita hendene, halda avstand eller bruka munnbind der det er mykje folk?

Mi oppmoding til uvaksinerte, delvis vaksinerte og fullvaksinerte: Hald fram med å vera forsiktig når du ferdast blant folk.

Kommentarer til denne saken