Gå til sidens hovedinnhold

Nominert til internasjonal pris

Artikkelen er over 6 år gammel

Medie-eleven Åshild Eikemo Lundh på Vardafjell er blitt nominert til ein internasjonal filmpris i Portugal.

HAUGESUND: Åshild har blitt nominert for kortfilmen «Tiny Effort, Big Changes» som handlar om at kvar enkel sin innsats har betyding i det store bilde. Filmen blei hovudsakeleg filma inn på Svalbard då Åshild var hjå besteforeldra sine. Då ho høyrde at ho hadde blitt nominert trudde ho ikkje at ho hadde mogelegheita til å reise, men skulen ho går på, Vardafjell vgs., har sponsa turen


– Eg er så takknemleg for at Vardafjell har gjort dette for meg, seier Åshild.


Festivalen begynte allereie denne onsdagen og held framleis på. Åshild er der nå. Ho har tidlegare i år vunne ein pris under Amandeus-festivalen, og anbefaler andre unge filminteresserte til å melde seg på.


– Det er veldig kjekt. For du blir flinkare sidan du strekker deg litt lengre, samstundes som du møter nye folk og får utvida nettverket ditt.

Kommentarer til denne saken