ENERGI: Det finst mange vindkraftprosjekt på planleggingsstadiet i Noreg, men få vindkraftanlegg har blitt bygde. I Sverige er situasjonen ein heilt annan.

– Me må ta opp landskampen mot Sverige. Før pause leier dei 7-1, men målet er å utlikna, seier nestleiar i Høgre, Nikolai Astrup.

Fredag var han og olje- og energiminister Tord Lien på synfaring på Midtfjellet Vindpark i Fitjar. Der nytta dei høvet til å komma med ei gladmelding til vindkraftentusiastar.

Nye avskrivingsreglar

– Me kjem til å legga fram eit forslag til eit nytt økonomisk rammeverk, som vil gjera det meir gunstig å investera i vindkraft i Noreg, seier Lien.

I Sverige kan utbyggarne velja å avskriva verdiane med 30 prosent per år, eller ei lineær avskriving over fem år. I Noreg er reglane meir kompliserte. Her er det ulike satsar for ulike investeringar. Både i Noreg og Sverige er avskrivinga 100 prosent til slutt, men nedskrivingsfarten er større i Sverige. Det gir høgare overskot tidleg, noko som påverkar den totale innteninga.

– Dette fører til at nesten alle investeringane skjer i Sverige, men dette er jo unntaket, seier Lien, og kikkar på dei store konstruksjonane som dominerer landskapet.

Blåste full storm

Med full storm, og ein vindstyrke på 35 meter i sekundet i kasta, stod turen opp til vindmølleparken i fare for å bli kansellert i morgontimane fredag.

– Det er nesten i grenseland dette her, men samstundes får ein jo verkeleg sjå krafta vinden ber med seg på ein slik dag, seier dagleg leiar av Midtfjellet vindpark Erik Mortensen.

– Dette er spektakulært, det er store pengesummar som bles rett over hovuda våre, seier Astrup, som påpeiker at ei av utfordringane i Noreg er dei låge kraftprisane som har vore gjeldande i seinare år.