Fryktar fleire ulykker

– Det har vore fleire ulykker på den strekninga det siste åra, seier etterforskingsleiar ved Stord lensmannskontor, Egil Espeland.  Han håpar at det no kan komma opp varslingsskilt.

– Det har vore fleire ulykker på den strekninga det siste åra, seier etterforskingsleiar ved Stord lensmannskontor, Egil Espeland. Han håpar at det no kan komma opp varslingsskilt. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Etter to alvorlege ulykker på like mange månader, ber politiet om strakstiltak på ulykkesstrekninga.

DEL

FITJAR: Måndag kontakta Stordlensmann Bernt Norvalls Statens vegvesen for å arrangera eit møte om situasjonen ved Vistvik like sør for Sandvikvåg.

– Me ber om at det blir vurdert strakstiltak for å redusera ulykkesfaren på strekninga. Det mest naturlege vil vera å skilta at dette er eit spesielt utsett område. Det vil også vera naturleg å vurdera redusert fartsgrense, seier Norvalls.

Tragisk utfall

Fredag døydde ei ung tobarnsmor då ho frontkolliderte med ein trailer på E 39 ved Vistvik i Fitjar. Berre to månader er gått sidan det sist var ei alvorleg ulykke på staden. 19. november fall lasta ut gjennom sida på ein trailer i same området.

Ei kvinne blei sendt med luftambulanse til Haukeland univeritetssjukehus etter at bilen ho sat blei treft av blytunge blokker frosen fisk.

– Ulykka på fredag var tragisk. Men også ulykka i november var alvorleg. Det var tilfelle som gjorde at ikkje det blei ei dødsulykke, meiner lensmannen.




Dei seinare åra har E 39 på Fitjar og Stord gjennomgått store utbetringar. Denne strekninga står igjen.

– No når resten av strekninga er så fin, fryktar me at denne delen skal bli eit ulykkesstrekning. Det har vore fleire ulykker her dei siste åra, seier etterforskingsleiar Egil Espeland.

Vegen skal utbetrast

Seksjonsleiar hos Statens vegvesen Ivar Thorkildsen stadfestar at dei har planar for utbetring av vegen frå gamle Hageberg skule til nord for Engevik.

– Dette arbeidet skulle me helst starta tidlegare, men her er det mykje å ta omsyn til, som landbruk og mange grunneigarar, og det trengst ny reguleringsplan, forklarer Thorkildsen, som håpar å komma i gang med arbeidet til sommaren. Då vil vegen bli både breiare og rettare.

– Er strekninga spesielt farleg slik den er i dag?

– Den er svingete, seier Thorkildsen, som ikkje har noko i mot innspela frå politiet.

– Det kan bli aktuelt å setja opp skilt eller sebrapiler som varslar krappe svingar, seier seksjonsleiaren.

– Kva med nedsett fartsgrense?

– Det vil eg ikkje svare på no. Det er vanskeleg å seie om det vil ha effekt, seier Thorkildsen.

LES OGSÅ:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken