(Hardanger Folkeblad:) – Me fekk ny informasjon, og basert på dette tilrådde politiet evakuering av fleire. No er 27 personar evakuerte, opplyser beredskapsleiar Stig Hope fredag kveld.
Tidleg torsdag morgon gjekk det ras frå Tveitanuten i Tyssedal. Bebuarar vart evakuerte, og dei fleste av desse har no base på Tyssedal hotell.
Fredag morgon var det 20 evakuerte, men i 17.30-tida starta evakueringa av ytterlegare bustadar på Tveitahaugen. Også desse er evakuert fram til ny vurdering på måndag klokka 13.00.
«Det vil bli gjort faglege vurderingar av vidare sikringsbehov. Kommunen vil setja fullt fokus frametter på å få avklart og etablert eventuelle nye sikringstiltak», melder Ullensvang kommune på sine heimesider.

Les også