Lillian Irene Frette

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Klikk her for knalltilbud på Haugesunds Avis digitalt

MINNEORD: Mor, Lillian Irene Frette (f. Larsen), døydde 28. mars, nær 79 år gammal.

Ho var oppvaksen i Kvinesdal som yngst av tre søsken. Foreldra dreiv fiskebutikk og ho var van med å ta del i arbeidet som lita. Etter utdanninga på lærarskulen på Stord tok ho husstellærarutdanning i Os utanfor Bergen. Deretter fekk ho arbeid på Austre Åmøy og seinare Jåtten skole i Stavanger.

I Bondeungdomslaget i Stavanger møtte ho far, Reinert. Dei gifta seg i 1963 og tok over garden på Frette i Etne der dei bygde hus og flytta inn i 1971 med fire, seinare fem born.

Overgangen å flytta til bondesamfunnet på vesle Frette var stor. Ho skildra høge fjell og tett tåke som ganske tyngande i starten. Far var mykje ute og reiste som forsikringsagent , mor tok seg av ungane og alt heime. Etter kvart som ungane vaks, gjekk ho ut i jobb som lærar igjen. Ho var i fleire år lærar på Sævareid skule på Kyrping, men var også ein periode husstellærar på Enge skule i Etne. Helst likte me ungane at ho var heime. Då var det god middagslukt idet me kom heim frå skulen og det var fyrt i ovnen.

I gardsdrifta stilte ho krav til oss ungane om plikter og arbeid før avslapping. Ho gjekk alltid sjølv føre med eit godt eksempel. Etter at pliktene var gjort, venta badeturar, god mat, spel og bålkos.

Fjella som ho oppfatta mørke og tunge i starten, blei seinare ei utfordring ho erobra med topp-nuteringar i IF Klypetussen sitt turopplegg. Etter kvart var det mor som hadde den sterkaste heimlengten til Frette om ho var ute og reiste.

Ho elska kontakt med barnebarn og andre barn. Særleg likte ho å læra vekk songar og læra ungane å stava og lesa. Alle var velkomne på fjelltur, bålbrenning og mat ved vatnet eller samling rundt kjøkkenbordet. Ho var svært inkluderande. Om dette fekk ho ei sterk og uventa takkehelsing utanfrå familien på sitt siste. Dette varma henne inderleg.

Mor og far fann nye vener og mykje glede saman dei siste åra gjennom «Seniordans». Ellers var ho alltid travel i hagen med å spa opp nye bed og gleda seg over blomane som overlevde vinteren. Våren var favoritt-tida hennar. Alle vårteikn var kjærkomne og ofte noterte med dato så ho kunne samanlikna frå år til år. At barnebarna i år fann første kvitveisen på 51-årsbryllupsdagen 23. mars, gav mor stor glede, sjølv om ho også visste dette var siste gongen.

Mor og far var eit godt arbeidslag og stilte opp der me trong dei. I oktober -13 var ho i full sving med å lø ved ein heil dag. Sjukdomen kom like etter snikande då den eine armen ikkje lystra. Frå å mistenkja senebetennelse i oktober, auka uroen over kva dette var, då også andre armen blei kraftlaus i november. Sjukdomen kom med stor tyngde, der kvar dag gav nytt funksjonstap. ALS (Amyotrofisk lateral sklerose) er ein sjeldan, dødeleg motornervesjukdom som rammar all frivillig muskulatur.

Mor opplevde å føla seg elska og verdsatt på sitt siste. Ho var ikkje redd for døden som venta, men var trist over at ho ikkje fekk delta i planlagte familiehendingar som konfirmasjon og bryllaup til barnebarna. Ho hadde omsut for far og oss andre etterlatte, ho kom med råd på livsvegen vår vidare.

Ho fekk døy på Etne omsorgssenter med særs god og omsorgsfull pleie dei siste par vekene. Vipa song og bøndene starta våronna den vakre og klåre marsmorgonen ho sovna stilt inn med far ved si side.

Det er med takk me lyser fred over minnet hennar.

Artikkeltags