Sikke Therese Helgeland

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Klikk her for knalltilbud på Haugesunds Avis digitalt

Vår kjære Mormor/Besta Sikke Therese Helgeland gjekk bort 25. februar 2014, 100 år gammal. Ho var lenge svært sprek for alderen og hadde god helse heile livet. Sjølv om synet svikta dei siste 15 åra, var ho fast bestemt på å bu heime. Ho var ei sterk og sta dame, men ho vart buande på Vindafjordtunet frå hausten 2013. Mormor/Besta vart mest blind, men tok oss att på stemma og ho var klar i hovudet til det siste.

Me har lenge visst at denne dagen nærma seg, det er naturleg men likevel utruleg vemodig. Mormor/Besta sjølv tok ingenting for gitt, ho sa alltid « … viss me leve » og « … berre eg får stå opp om morgonen så må eg vera glad!» Ho kravde ikkje mykje, men gjentok ofte at det hadde vore fint med selskap i huset.

Me minnast ei kjær Mormor/Besta som det var godt å koma til, enten det var dei fire barnebarna i nabohuset som sprang i døra, dei tre i Kopervik eller dei to på Husnes som kom heim til Helgeland. Alle var me hjerteleg velkomne – alltid. Det er med takksemd me tenker tilbake på varmeflaska som ho kjærleg la under dyna før me la oss og koppen med varm mjølk med honning som ho lagde til oss som ikkje ville sova.

Mormor/Besta stod alltid tidleg opp for å laga til ei lun morgonstund. Varmen frå Jøtul-ovnen og lukta av nytrekt kokekaffi slo imot oss då me opna kjøkkendøra. Ved familiesamankomstar baud ho på middag, dessert, herlege pannekaker og lappar med heimelaga syltetøy og saft. Mat var svært viktig for Mormor/Besta og ho hadde alltid noko godt på lur.

Glimtet i augo og dei kvikke kommentarane hennar vil me heller aldri gløyma. Me har mange gode minne frå besøka på Helgeland, alt frå skiturar til Olalia, ulovlege fisketurar og sommarturar i skogen. Me hugsar gode stunder i lag med Mormor/Besta kring Ludo- brettet, då ho lærte oss å munka med dei gamle munkekulene eller då ho tålmodig prøvde å læra vekk hekle- og strikkekunsten.

Mormor/Besta likte svært godt handarbeid, særleg hekling, noko heimen hennar bar preg av. Ho gjorde det alltid så fint og koseleg rundt seg og både fuglar og blomar hadde det godt i hennar nærvær. Stolt var ho då ho kunne visa fram «Nattens dronning », kaktusen med den enorme kvite blomen på som lukta så godt og som ho alltid fekk til. Mormor/Besta hadde alltid tid til oss og likte godt å fortelja frå gamle dagar, ho hugsa godt.

Jula 2013 feira ho i heimen sin, jul nr. 100! Dette sette ho stor pris på og det er godt å tenka på i ettertid at ho fekk vera heime på Helgeland desse juledagane. Etter nyttår gjekk det helsemessig fort nedover og ho vart svakare.

Me minnast ei svært barnekjær Mormor/Besta, som trass sin høge alder ikkje hadde gløymd gamle kunster. Med stødig hand såg me ho leggja dei små oldebarna på armen, det var så naturleg for ho. Me er heldige som fekk ha så mange fine stunder og samtalar med Mormor/Besta. «Det aller viktigaste» sa ho, « et er å leva i kjærleik til sine medmenneske ». Desse fine og kloke orda tar me med oss vidare.

Det du var for oss, kan ingen andre bli.
Det du gav til oss, kan ingen andre gi.

I takksemd:
Geir Kristian Hus
Kristen Børje Hus
Andree Tørresdal
Steffen Tørresdal
Cecilie Therese Tørresdal
Aud-Siri Johansen
Linda Helgeland
Kristian Helgeland
Runar Helgeland

Artikkeltags