Gå til sidens hovedinnhold

Førebels obduksjonsrapport styrkar politiet sin drapsmistanke

Den førebelse obduksjonsrapporten styrkar politiet sin mistanke om at Renate Normann frå Husnes blei utsett for dødeleg vald på Varaldsøy.

KVINNHERINGEN: Det melder politiet i ei pressemelding fredag.

Skadane er ikkje i samsvar med eit fall, skriv dei. Politiet ønsker ikkje å gi ut fleire detaljar frå rapporten før den er gitt til pårørande og den sikta.

– Etterforskinga held på for fullt, og politiet er i ferd med å danna seg ei god oversikt over hendingsgangen, opplyser kommunikasjonsdirektør Arne Lutro.

Politiet vil heller ikkje kommentera noko meir om gjenstanden dei har funne, og som dei har grunn til å tru er knytt til hendinga.

– Årsaka til dette er at opplysninga kan påverka vitne og at vi ønsker nytt avhøyr av den sikta før vi går ut med denne informasjonen, melder Lutro.

Etterforskingsleiinga og krimteknikarar var på Varaldsøy onsdag for synfaring og nye tekniske og taktiske undersøkingar.

Politiet skriv også at dei blir kontakta av media angåande den sikta sin tidlegare sambuar, som har meldt mannen i 40-åra for vald. Politiet bekreftar å ha etterforska to slike saker.

Ei frå 2015 om ei trusselhending som blei lagt bort etter bevisets stilling året etterpå. Den siste saka som blei meldt av den sikta sin tidlegare sambuar i april 2020, handla om familievald. Den fornærma forklarte i meldinga til politiet om fleire alvorlege valds- og trusselhendingar. Saka blei etterforska, men bevis-situasjonen gjorde at den òg blei lagt bort av politiet etter bevisets stilling i august 2020. Det blei klaga til Statsadvokaten som seinare opprettheldt henlegginga, opplyser Lutro i Vest politidistrikt.

Overvelda over responsen på spleisaksjon for gravferda til Renate Normann

DENNE SAKEN ER HENTET FRA KVINNHERINGEN

Kommentarer til denne saken