Gå til sidens hovedinnhold

Fornying av konsesjon, Ikkje revisjonar!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kvifor er Hydro/Lyse så redde å få fornying av konsesjon (ikkje revisjon), slik at dei kan rydda opp i dei største skadene for Røldal??

Hydro/Lyse har søknad inne om å overta selskapet med uendra konsesjon, dei har endå ikkje sendt inn ny søknad, så dei har mulighet til å endra den til "søknad om ny konsesjon".

Lovverket seier at søknad må være inne 5 år før konsesjonen går ut. Dette er ikkje overhalde. Kva skal vi då med lovverk, dersom Hydro, sammen med OED kan prøva kjøra gjennom ein slik prosess på 3 til 4 mnd???

Vert denne saka fremja for EU, så kan eg ikkje tru at dette blir godkjent som bærekraftig Grønn energi når vi ser kva EU legg til grunn for bærekraftig.

Anlegget tilfredstillar heller ikkje vår nye vannressurslov.

Kan nevna fFrostrøyken i bygda, fullt Røldalsvatn frå 01. juni kvart år / redusert LRV, sikker vei til Valdalen på begge sider heile året, auka dagens Næringsfond til dagens kjøpekraft. Husk næringsfondet er kompensasjon for tapte næringsarealer.

Kan og nevna det Hydro / Lyse heile tida henviser til "hemmelig" Miljørapport:

  • Hydro har laga ein Miljørapport for RSK-anlegga Kvifor vart miljørapporten hemmelighalden til 15 august i 2020 og opererte med svært korte frister vidare?

  • Er det greit at eit privat selskap sjølv kjører miljørapport ? Er det ikke vanlig at slike prosessar skal kjørast som opne prosessar?

  • Må ikkje alle berørte parter får koma med sine synspunkter?

  • Må ikkje alle innspel vera dokumentert og refert i rapporten?

  • Er det greit at viktige innspel til rapporten ikkje blir tekne med?

  • Er det greit at store utfordringar blir forbigått med ein liten notis (Valdalen)?

  • Er det greit med ingen forslag til problemløysingar eller vilje til prosess eller tiltak?

  • Er det greit at folk blir referert til som bidragsytarar utan at deira syn har kome inn i rapporten?

  • Kvifor blir ikke ein slik rapport sendt som kopi til dei som står på bidragslista?

  • Har Lyse ei formeining om kvifor Hydro har ei heilt anna oppfatning av samarbeidet med kommunane enn det kommunane har?

Kommentarer til denne saken