Dette tilrår Fylkesmannen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Her kan du lesa tilrådingane til Fylkemannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa.

DEL

Fylkesmannen tilrår desse nye kommunane frå 1. januar 2020

  • Stavanger, Rennesøy og Finnøy
  • Sokndal og Eigersund, som første endring i Dalane
  • Forsand og Strand, som første endring i Ryfylke

Vidare prosess

Fylkesmannen tilrår med grunnlag i dei utgreiingane som er gjort at arbeidet med å danna nye kommunar i Rogaland held fram. Dei mest aktuelle kommunane for vidare dialog:

  • Bjerkreim og Lund (Sokndal og Eigersund)
  • Hjelmeland (Strand/Forsand)
  • Bokn (Tysvær)
  • Utsira (Haugesund/Karmøy)
  • Randaberg, Sola og Kvitsøy («Nye Stavanger»)

Behov for grensejusteringar

Det er behov for å løysa utfordringane som er knytte til byområde som blir vurderte som«funksjonelle samfunnsutviklingsområde», då særleg dei samanhengande tettstadsområda på Nord-Jæren og Haugalandet.

  • Åna-Sira i Sokndal – tilrår eigen prosess etter inndelingslova
  • Hylsstronda i Suldal – tilrår overføring til Sauda kommune
  • Jøsenfjorden og Ombo – tilråding blir ettersendt
  • Raglamyr/Norheim og Forus – tilrår at grenseendring eventuelt blir greidd ut nærare når spørsmålet om kommunestruktur er endeleg avklart i Stortinget.

Vindafjord og Etne (i Hordaland)

Desse to kommunane er i dialog om å danna ny kommune i lag, og Fylkesmannen har avtalt utsett frist for endelege vedtak.

Stavanger, Rennesøy og Finnøy

Finnøy og Rennesøy har vedtatt å gå saman med Stavanger i ein ny kommune. Alle tre kommunane har gjort positive vedtak.

Sokndal og Eigersund

Fylkesmannen rår til at Sokndal og Eigersund blir ein kommune. Samstundes peikar me på at det kan skje ei vidare strukturendring som involverer alle dei fire kommunane i Dalane. Då kan det vera aktuelt å sjå på dagens grenser mellom Lund og Flekkefjord (Vest-Agder).

Fylkesmannen har frå første fase i reformprosessen rådd dei fire kommunane i Dalane til å gjennomføra nabosamtalar og å vurdera framtidig struktur. Eit samla Dalane med om lag 24 000 innbyggjarar vil «svara godt ut» på mål og kriterium sett frå sentralt hald. Dette er ein region med felles identitet og felles utfordringar til dømes når det gjeld økonomi og kompetanse, og relativt tett integrert når det gjeld busetting og sysselsetting.

Forsand og Strand

I Forsand har fleirtalet i kommunestyret (9 mot 8) gjort vedtak om å bli ein ny kommune saman med Sandnes. Kommunestyret har lagt til grunn at kommunen ikkje kan bestå som eigen kommune. Dette er ei vurdering Fylkesmannen deler. Men Fylkesmannen i Rogaland vurderer ikkje Sandnes og Forsand som ei hensiktsmessig løysing ut frå regionale omsyn.

– Me konkluderer med å tilrå at Forsand blir ein ny kommune saman med Strand, som første steg på det som kan bli fleire endringar av kommunestrukturen i Ryfylke.

Artikkeltags