Den nye firefelts E39 mellom Stavanger og Bergen er utdatert alt på planleggingsstadiet. Heldigvis er det ikkje for seint å endra prosjektet til noko me som samfunn kan stå inne for også i framtida.

Me treng ikkje fire felt med fartsgrense 110 km/t gjennom heile Vestlandet. Ved å setja grensa på 90 km/t blir kostnadane langt lågare, og mykje verdifullt areal blir spart. Det er ikkje nødvendig å bygga for 110 for å få tryggare veg. Stadig fleire peikar på dette. Bilist-organisasjonen NAF støttar 90-grensa, og ønsker at terskelen for å bygga fire felt blir høgare, og at det heller blir meir bruk av to- og trefeltsveg med midtrekkverk. Nyleg la også det internasjonale energibyrået IEA fram sine 10 punkt for korleis me raskt kan redusera oljebruken i verda. Eitt av forslaga er ei 90-maksgrense i vegtrafikken. I motsetning til dei fleste andre tiltak er dette enkelt og lønsamt å gjennomføra, og kan gjerast nesten over natta.

Overdimensjonerte prosjekt av den typen staten legg opp til langs E39, stel midlar som i staden kunne gått til rassikring, utbetring av vegar og bruer, og meir miljøvenlege ferjer over heile landet. Det einaste me vinn på 110-grensa er kortare reisetid – men kostnaden for dei ekstra 20 km/t er enorm, og den sparte tida nokså teoretisk. Aukar du farten frå 90 til 110 km/t kan du spara eitt minutt og 13 sekunder per mil. Samstundes aukar forbruket av drivstoff kraftig.

I praksis har det vist seg at farten ikkje aukar så mykje som det er lagt til rette for på motorvegane fordi mange synest det er ubehageleg å køyra så fort. Dessutan er 90 km/t høgaste lovlege fart for lastebilar og vogntog. Dermed får ein lite att for dei enorme ekstrakostnadane med å bygga for 110 km/t.

Me har ikkje sett at E39 har eit trafikkgrunnlag som tilseier behov for fleire felt gjennom regionen vår. På strekninga frå Bokn til Hope i Sveio, som no blir planlagd først, er det berre mellom Våg og Aksdal i Tysvær at det matchar trafikk-minstekravet for 4-feltsveg. Ei strekning på 6 km der E39 går saman med E134 blir altså trekt fram som grunngiving for at det er behov for fire felt på heile den 57 km-lange strekninga mellom Bokn og Hope.

Dei enorme naturinngrepa knytte til dagens vegutbygging er uttrykk for ein tenkemåte som reknar seg som framsynt, men som heldigvis er i ferd med å bli gammaldags. Natur er den viktigaste verdien me har for framtida, både lokalt og globalt. I dag blir han bygd ned – bit for bit.

Spel på lag med framtida og revider E39-prosjektet. Set 90 km/t som maksgrense. Det gir lågare utslepp, lågare utbyggingskostnadar og sparer mykje natur og matjord frå å bli lagt under asfalt.