Denne bonden har det så fint at han har fått pris

Ole Gjermund Digernes vinnar av Kulturlandskapsprisen i Hordaland 2014

Ole Gjermund Digernes vinnar av Kulturlandskapsprisen i Hordaland 2014 Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

STORD: Ole Gjermund Digernes er vinnar av Kulturlandskapsprisen i Hordaland 2014. Digernes får prisen for korleis han skjøttar dei to gardane på Digernes og på Otterøya.

SJÅ 32 BILETE FRÅ GARDEN HER

- Det er mange fine gardsbruk i Hordaland, og det er ei ære å bli nominert – og ikkje minst å vinne, seier Digernes.

Han fortel at det er takka vara innsatsen til fleire generasjonar som har gjort at garden er i ein slik stand som den er i dag.

- Og så har eg sauene på lag. Hadde det ikkje vore for dei, hadde det vakse til ganske kjapt her, seier bonden.

I tillegg til sauer, driv Digernes med vedhogst og juletrer.

I morgon ventar han storinnrykk på tunet. Då kjem fylkesordførar Tom-Christer Nilsen for å overrekka prisen og gi 50.000 kroner til vinnaren. Ordførerane i Stord og Bømlo kjem óg. I alt er det venta 50 personar til gards.

- Då blir det servert lammefrikassé til alle saman. To lam har måtta bøta med livet, fortel bonden før han legg til at lamma skulle slaktas i alle høve.

Digernes

Det er 19. gang prisen vert dela ut i Hordaland. Utmerkinga skal gå til ein bonde som tar ekstraordinært godt vare på jordbruket sitt kulturlandskap. I år hadde juryen i Hordaland 12 kandidatar å velja i.

Digernes vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale Kulturlandskapsprisen i 2015.

Dette skriv juryen i si grunngjeving:

Årets tema er kystgarden, der den maritime tilknytinga og eit landskap med vekslande, småskala topografi,  set rammene for næringa. Med drifta av dei to gardsbruka på Digernes og på Otterøya, viser Ole Gjermund Digernes eit tydleg døme på den varierte ressursutnyttinga til kystgardane på Vestlandet. I tillegg til dei gode innmarksjorda ved det velhalde tunet, er det utnyttinga av beite mellom skrinne bergnabbar som pregar gardsdrifta.

 Både på Digernes og på Otterøya er det lagt ned eit ekstraordinært arbeid med istandsetting av steingardar og eldre bygningar, og attgrodd beite blir rydda fram. Gardsmiljøet og kulturlandskapet framstår som ope og velskjøtta, noko som gjer det historieforteljande og trivselsskapande. Slik blir kulturminne som steingardar, rydningsrøyser, gravminne og dei gamle gardsbygningane, framheva som viktige delar av garden. Tidsdjupna i kulturlandskapet blir lett å sjå, og ber vitnesbyrd om driftsforma som har karakterisert ein kystgard gjennom tallause generasjonar. Ved at garden i tillegg er open for grupper av besøkjande, blir denne kunnskapen om gardsdrifta formidla til barnehagar, skuler, lag og organisasjonar.

Digernes gard har på ein framifrå måte skjøtta dei kvalitetane i kulturlandskapet som er særmerkt for ein kystgard i Hordaland. 

Artikkeltags