Gå til sidens hovedinnhold

Grendaskulane i Sveio er utrydningstrua

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei to siste grendaskulane kjempar no desperat for tilværa. Binyrebarken er i høggir og kortisolen flaumar over hos dei rørte. Det går på helsa laus. Høge skuldrer, vondt i magen og eit hovud som ikkje vil kvila når det omsider blir lagt på puta for kvelden. Vri seg i senga, fattige 3 timar til jobb. Kanskje eg berre må ringa meg inn sjuk i morgon? Er jo låg terskel for å halda seg heime no i pandemien.. Aldri har framtida vore så usikker for bygdefolket i Sveio. Eg snakkar for dei vaksne no.

Kva med borna?

I eitt år har dei betalt ein høg pris. Pandemien har påverka kvardagen deira gjennom restriksjonar og smitteverntiltak. Dei er slitne av dette no. Kva kan me gjera for dei i denne vanskelege tida? Det naturlege å gjera no, er å ikkje gjera noko! La dei tinga me kan la vera, vera. La bautaene i livet deira få bestå. Det trygge og det vante, det nære. Læraren, klasserommet, lukta, pulten og stolen, ho snille reinhaldaren som kan namnet på alle på skulen og alltid tullar med dei, ser dei. Trygt, godt og føreseieleg i ei verda som vi vaksne så vidt held tritt med.

«Omsyn til bornas beste».

Kva er det? Er det å la dei få seia kva dei meiner, men å gjera noko anna som ein sjølv meiner er betre? Eller er det å lytta på kva dei seier og faktisk ta det til etterretning? «Bornas beste» er eit omdiskutert omgrep blant oss vaksne for tida. Ein ting er uansett sikkert, kva enn me meiner er bornas beste så skal det greiast ut tilstrekkeleg i saksframlegget i ein slik sak. Viss ikkje er det saksbehandlingsfeil som kan føra til at vedtaket er ugyldig. Barneombodet nemner ulike moment som er viktig å ha med i ei slik utgreiing; tilhøyrsle, nærleik, pedagogisk miljø, skulemiljø, §9-A, trafikktryggleik, trygging på skulebuss, klassestorleikar, ivaretaking av born med spesielle behov og bevaring av kulturell identitet. I saksframlegget skal òg kommunen dokumentera korleis ei overføring ein annan skule vil gi ein like god eller betre ivaretaking av borna. Me har ein rådmann som meiner det er full dekning, medan me kranglar så høglydt om det at dei uskuldige barnestemmene druknar i den desperate ordsjongleringa me tyr til for å få det til å høyrast ut som at det er me som har rett. Dei andre tek feil. Skulane skal vekk, koste kva det koste vil!

For det kjem til å kosta.

Det vil kosta alle former for kapital dersom dei folkevalde røystar for nedlegging. For å ta det opplagte først. Det vil kosta økonomisk kapital for oss i Auklandshamn og Valestrand. Studiar viser at busetnad ramma av skulenedlegging får ei verdsenke på 25%. Tenk på det De. Årevis med nedbetaling av huslån, viska vekk på ein augneblink av 13 politikarar som reiser seg rak-rygga for det dei meiner er best for oss. Det kostar. Og bygdefolket må ta rekninga, i første omgang.

I neste omgang må heile kommunen betala.

For familien vår var nærleiken til skule og barnehage det som gjorde Valestrand konkurransedyktig. Det same stemmer for fleire av oss tilflyttarar. Om den avgjerande faktoren for denne tiltrekkinga fjernast vil den reelle samfunnsmessige kostnaden til sjuande og sist bli ei byrde for heile Sveio. I eit lengre samfunnsøkonomisk perspektiv blir skulenedlegging starten på ein nedover spiral kor bygdene blir tappa for økonomisk, kulturell og sosial kapital, alderssamansetninga går galne vegen og forholdet mellom arbeidsfør befolkning og pensjonistar blir lite berekraftig. Eg liker ikkje omgrepet sjølv, men på skulen lærte me at det heiter «forgubbing». Og desse gubbane er ikkje dei som kjem til å renna ned dørene i svømmehallen eller legga att mest pengar på Albatross, Coop og Libris. Som kjent, gjer ein store inngrep i ein del av eit økosystem så får det ringverknader i heile systemet.

To av borna mine spurde meg ein kveld om det var bestemd kva skule dei skal gå på til hausten. Dei er utruleg spente og klarer så vidt å venta lengre. Dei vil ha ei avklaring. Uvissa tærer på dei. Eg kunne med lette fortelja dei, at no, no er det berre nokre få dagar igjen.

Så politikar i Sveio. Rett ryggen din, gjer det rette for Sveios framtid. Stem nei til skulenedlegging måndag!

Helsing

Kjetil Skogland

Kommentarer til denne saken