HAUGESUND: Nabokommunar støttar Haugesund sitt MC-vedtak. Stord, Karmøy, Sveio og Tysvær tar opp saka.

– Me seier klart nei til etablering av einprosentklubbar i kommunen vår, og har nett skrive under på saka. Den skal opp i formannskapet 7. februar, fortel Jorunn Skåden, ordførar i Sveio kommune.

– Me vil rosa Haugesund kommune som har gått foran i denne saka. Etter oppfordring frå politiet er det vår plikt og ansvar å ta opp problemstillinga. Så det har me gjort, seier Skåden.

Politiråd

Også KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon) vedtok nyleg å be alle kommunar i landet erklæra MC-kriminelle miljø for uønska.

– Mange kommunar melder om oppblomstring av slike klubbar. Politiet gjer ein kjempejobb for å kjempa mot slik etablering, men dei kan ikkje gjera alt. Me trur kommunane og kan gjera mykje, seier direktør i KS, Sigrun Vågeng, til nrk.no.

Kommunane Stord, Karmøy og Tysvær har ikkje fatta skriftlege vedtak som Haugesund kommune, men presiserer at og dei tek sterk avstand frå etablering av kriminelle MC- miljø.

– I den grad me har diskutert dette i formannskapet, er det stor vilje til å legga seg på den linja Haugesund kommune har gjort. Me har tett kontakt med politiet. Dei vil gje oss beskjed så snart her er noko å vera ekstra merksame på, fortel Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune.

Orientert

Karmøy kommune har og tett dialog med politiet.

–Me har drøfta saka og ynskjer å stå saman med dei andre kommunane om dei rette tiltaka.

Oppmodinga frå KS skal me ta til etterretning, og drøfta snarast, fortel ordførar Kjell Arvid Svendsen i Karmøy.

Tysvær- ordføraren seier de same.

– Me ynskjer ingen etablering av MC- klubbar knytt til kriminelle miljø, og har tatt saka opp med administrasjonen, fortel ordførar Harald Stakkestad.

– I tillegg vil me no følgje råda frå Haugesund kommune og KS, og drøfte saka ytterlegare, seier Stakkestad.

– Må ta eit verdival

– Det er merkeleg at ikkje dei andre kommunane har tatt stilling til saka tidlegare.

Det seier ordførar Petter Steen jr i Haugesund.

– Faktum er at alle kommunane i politidistriktet var samla til eit møte på politihuset i Haugesund i fjor vår. Da hadde eg eit foredrag om kva me hadde tenkt å gjera for å hindra etablering og utvikling av kriminelle MC-miljø. Politimeister Kaare Songstad oppfordra alle dei andre kommunane til å gjera det same, seier ordføraren.

Han viser til at rådmannen i Haugesund sendte ut saksframlegget som låg til grunn for Haugesund sitt vedtak, til alle dei andre kommunane.

– Det er viktig å gjera eit vedtak. Då er vi tydelege på at vi tek eit verdival, seier haugesundsordføraren.